top of page
Søk

Kven er personane bak Vekst i Hareid?

Oppdatert: 24. jun. 2021

Julie Sundgot Andersen er prosjektleiar for Vekst i Hareid og har ansvaret for den daglige drifta av prosjektet. Med eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet og god kjennskap til lokalt næringsliv skal Julie forme prosjektet og gjennomføre aktivitetane i samarbeid med relevante aktørar.


Foto: Nanseth Media

Julie er utdanna innan marknadsføring, økonomi og leiing, og har jobba som marknadsanalytikar i Kongsberg Maritime i 12 år. Ho har derfor god kjennskapen og stort engasjementet for maritim næring som i lang tid har vore, og fortsatt er ein viktig del av næringslivet i Hareid. Gjennom denne jobben har ho lært seg å kjenne både kundane, konkurrentane og marknadane i denne næringa som svært mange av bedriftene i Hareid sit tett på.


Julie er busett i Brandal og har djupe røter i lokalsamfunnet. Julie starta i stillinga som prosjektleiar for Vekst i Hareid i april 2020. Der har ho ansvaret for den daglege drifta i prosjektet og rapporterer til styret. Julie er den einaste tilsette i prosjektet. Ho har sterkt engasjement for lokalsamfunnet og stor tru på at dette prosjektet kan vere med å gjere Hareid til ein enda betre plass å bu og drive næring. Julie er strukturert og målbevisst og er opptatt av å trekkje fram det beste i alle rundt seg for å saman oppnå det beste resultatet.


0 kommentarer
bottom of page