top of page
Søk

Cruisegigantar kjem til Hareid i april

Hareid har den seinare tida jobba målretta for å bli ein cruisedestinasjon. Dette arbeidet blir lagt merke til i cruisemiljøet og no kjem ei rekkje kjende cruisereiarlag, agentar og internasjonal presse til Hareid på visningstur.


Bilete av Hareid. Foto Tom Knudsen TKMedia
Hareid ønskjer turistar og cruiseskip velkomen til Hareid. Foto: Tom Knudsen TKMedia.

Hareid cruisenettverk blei etablert i fjor, som eit resultat av eit tett samarbeid mellom Hareid kommune, Vekst i Hareid, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og lokale næringsaktørar. I dette nettverket kan alle som ønskjer vere medlem og nettverket er drifta av ein dagleg leiar som er tilsett i destinasjonsselskapet. Gjennom dette arbeidet har ein no lukkast med å bli ein del av den årlege visningsturen, også kalla FAMtrip, som Cruise Norway gjennomfører på vestlandet i slutten av april.


Som siste stop på turen kjem representantar frå ei rekkje cruisereiarar til Hareid 26. og 27.april. Reisefølget tel rundt 20 gjestar og består av internasjonale kjøparar frå cruisereiarar og shorexagentar. Av kjende reiarar kan det nemnast til dømes Ponant Cruises og Carnival Group. I tillegg har dette følget med seg tre journalistar som skriv for blant anna cruisemagasin. Her får Hareid og aktørane i Hareid ei unik moglegheit til å vise seg frå si aller beste side. Dette blir Hareid si generalprøve og det er ultraviktig at vi grip denne sjansen og lukkast med det vi skal levere.

 

Hareid - Explorers port


Gjennom arbeidsmøter har vi jobba fram vår historie basert på identiteten og kulturen i Hareid. Dette skal vi bygge vidare på i reiselivssamanheng. Vikingslag, ishavsimperialisme, landevinning og utfartstrong er alle grunnverdiar i historia til Hareid som bygger opp under merkevara «Explorers port». Gjennom dette skaper vi noko unikt og ein raud tråd i historia som skal forteljast. «Hareid har ei sterk historie å bygge vidare på og denne satsinga vil bety mykje for for at vi som driv i reiselivsnæringa i Hareid i dag skal kunne utvikle oss» seier Webjørn Landmark som er dagleg leiar ved Ishavsmuseet Aarvak.


Kor, musikk og kultur er òg ein viktig del av identiteten til Hareid og vil sjølvsagt stå sterkt under besøket. Gjestande skal få eit rikholdig program som er basert på dei opplevingane cruiseturisten vil få når dei kjem til Hareid. Visningsturen blir som ein smakebit på den seinare leveransen som skal kunne leverast kvar gong eit cruiseskip kjem på besøk.

 

Moglegheiter for stor lokal verdiskaping


Cruisenæringa vert ofte omtalt i negativ forstand fordi ein oppfattar at næringa har stort avtrykk i forhold til verdiane ein legg igjen i eit lokalsamfunn. Ny teknologi, i kombinasjon med krav frå myndigheitene gjer at næringa er i konstant endring mot det betre og nyare rapportar viser at verdiskapinga cruiseturisten legg igjen kan aukast dersom vi er gode på å tilpasse produkta vi sel til marknaden og behovet.


Cruiseturisten legg i snitt igjen 750 kroner på land. For Ålesund sin del utgjer dette ein halv milliard kroner per år. Dette er verdiar som utelukkande kjem reiseliv- og sentrumsnæringane til gode. Hareid cruisenettverk har som målsetting at ein før 2030 skal ha ein stad mellom 20-30 årlege anløp i Hareid. Utifrå kapasiteten på kai og det talet på besøkjande attraksjonane våre kan handtere, har ein sikta seg inn på segment som har ein kapasitet på 1000-1500 passasjerar, pluss mannskap. For ein destinasjon som Hareid antek vi at rundt 60 % av passasjerane har førehandsreservert ei utflukt på land. Av dei resterande 40 % vil truleg rundt 80 % går i land. I tillegg er det eit betydeleg antal mannskap om bord, som også har sine ærend på land. Utover dette har skipet eit behov for til dømes proviant, avfallshandtering og service på utstyr ombord. Midt i den maritime klynga med underleverandørar og med ein servicebase tett på Hareid sentrum, gir dette store moglegheiter for at cruiseanløp i Hareid vil gi stor lokal verdiskaping om vi riggar dette på riktig måte. Nettverket og næringsaktørane jobbar no tett med å bygg businesscaset Hareid for å synleggjere moglegheitene i Hareid. Det er nemleg slik at der Hareid tener pengar tener også reiarane pengar. Her skal vi jobbe smart ilag for at Hareid skal få mest mogleg igjen for kvar einast besøkjande.



Bilete frå då Statsraad Lehmkuhl besøkte Hareid hamn i fjor haust. Her vil Hareid hamn legge til rette for cruiseanløp. Foto: Hareid kommune
Statsraad Lehmkuhl på besøk til Hareid i fjor haust. Her vil Hareid hamn legge til rette for cruiseanløp. Foto: Hareid kommune

Hareid satsar på reiseliv!


Cruise er berre ein del av satsinga som Hareid no gjer på reiseliv. Gjennom cruisenettverket fokuserer ein først og fremst på vidareutvikling av eksisterande reiselivsaktørar og gjere dei rigga for ein internasjonal marknad. I tillegg har vi spennande private reiselivsprosjekt i Hareid som til dømes Almestranda fjordhytter og kommunen si satsing på å bli Sunnmøres mest attraktive gjestehamn.


Å etablere ei ny næring i Hareid på denne måten er svært ressurskrevjande og ein er budd på at dette vil ta lang tid. Vi har likevel sterk tru på et ein i løpet av dei komande ti åra vil sjå betydelege endringar i næringsstrukturen i Hareid, som ei resultat av dette arbeidet. Bakgrunnen for dette handlar om fleire ting. Vi ser at reiselivsnæringa både kan skape ein annan type arbeidsplassar og auke skatteinngangen til kommunen, men kanskje enda viktigare er det at næringa vil vere ein viktig drivar for samfunns- og næringsutvikling i ein større samanheng. Det skal vere attraktivt både å bu, besøkje og drive næring i Hareid og reiseliv kan bidra med mykje i denne samanheng. Dette er bakgrunnen for at Vekst i Hareid er inne å finansierer Hareid cruisenettverk no i oppstarten. På sikt skal dette nettverket finansierast gjennom medlemskontingent.


Sjølv om det vil ta tid før ein ser resultat av arbeidet er vi avhengig av å levere på alle sjansane vi får. Visningsturen i april blir ein ilddåp og eit spanande startskot for Hareid vidare. Vi vonar at hareidsdølingen er med oss i dette arbeidet og gjer sitt slik at vi saman får vist fram Hareid frå si aller beste side.

0 kommentarer
bottom of page