top of page

Dette er cruiseskipa som kjem til Hareid

  • christineerdal0
  • 4. mars
  • 3 min lesing

Arbeidet med å etablere Hareid som ein cruisedestinasjon held fram, og vi ser at arbeidet ber frukter! Frå tidlegare har vi éi booking til sommaren 2026. Vi kan no gå ut med at dette gjeld cruiseskipet MS Artania frå Pheonix Reisen, som kjem til Hareid med 1200 passasjerar den 13. juni 2026. (https://www.phoenixreisen.com/artania.html)

MS Artania er det fyrste cruiseskipet som kjem til Hareid! (Foto: Trondheim havn, delt med CC2.0-lisens)
MS Artania er det fyrste cruiseskipet som kjem til Hareid! (Foto: Trondheim havn, delt med CC2.0-lisens)

I midten av februar kom det ei ny booking, denne gongen frå skipet World Voyager. Dette er eit mindre, meir eksklusivt cruiseskip med 200 passasjerar. Det kjem til Hareid den 29. juni i 2026. (https://atlasoceanvoyages.com/world-voyager)


World Voyager kjem til Hareid 29. juni 2026. (Foto: Nicko cruises, delt med CC4.0-lisens)
World Voyager kjem til Hareid 29. juni 2026. (Foto: Nicko cruises, delt med CC4.0-lisens)

I tillegg til dette får vi allereie komande veke besøk av to agentar frå DMC Nordic, som er agentar for fleire reiarlag. Dei skal få ein smakebit av det Hareid har å by på til cruiseturistane som kjem hit.

 

-      Det blir!

Linn Friedl er dagleg leiar i Hareid cruisenettverk. Ho har svært god tru på Hareid som cruisedestinasjon.

«Hareid har gått frå å vere eit uskrive blad til å verte ei hamn som agentane og rederia kjenner til. Når Hareid vert nemnt frå scena på den nasjonale cruisekonferansen til Kystverket i januar, så har vi gjort mykje rett. Så cruise på Hareid, det blir!», seier ho.


Til no har det vore gjort mykje godt arbeid med utvikling av produkt og produktpakkar med dei lokale aktørane, marknadsføring til ulike reiarlag og agentar, og salsturar med andre aktørar. På visningsturen som vart arrangert saman med Cruise Norway våren 2024, fekk mange av reiarlaga og agentane sjå meir av kva Hareid kan by på.


Beathe Holstad frå Ishavsmuseet på visningsturen i 2024. (Foto: Erlend Friestad)
Beathe Holstad frå Ishavsmuseet på visningsturen i 2024. (Foto: Erlend Friestad)

Av aktivitetar utover på våren kan vi nemne at Linn frå Hareid cruisenettverk skal vere med på Seatrade Miami i april, og Cruise Europe-konferansen i mai. Dette er svært gode arenaer for å reklamere for Hareid, og å få vise fram tilboda vi har her. I tillegg planlegg vi eit ope folkemøte, der alle som er interesserte i Hareid som cruisedestinasjon kan få meir informasjon.

 

-      No losnar det!

Vi ser allereie at fleire av reiselivsaktørane i Hareid dreg nytte av cruisesatsinga, ved at dei sel produktet sitt til cruiseturistar som kjem til Ålesund. Til dømes fortel Willy Nesset at Polarstar har dobla talet på turar med cruiseturistar frå Ålesund til Brandal, og at sommaren 2025 har dei booka over 40 turar allereie. «Dette kjem som eit resultat av cruisesatsinga og hardt arbeid. No losnar det!», seier han, og legg til at han også gler seg over det dei har fått

til på Hodr vikingsete.

Polarstar (Foto: Erlend Friestad)
Polarstar (Foto: Erlend Friestad)

Lokal verdiskaping

Målet med cruisesatsinga har heile tida vore å styrke det lokale næringslivet i Hareid kommune. Dette gjer vi ved både å styrke eksisterande bedrifter og produkt, og ved å satse på nye produkt og aktivitetar som kan skape nye heilårlege arbeidsplassar. Vekst i Hareid er difor inne i Hareid cruisenettverk, og finansierer satsinga ut år 2025. På sikt er tanken at nettverket skal finansierast gjennom medlemskontingent.

 

Spennande moglegheiter

Vi som jobbar tett på cruisesatsinga vert meir og meir optimistiske med tanke på å få mange anløp til Hareid, og vi ser alle dei positive ringverknadane dette kan ha for det lokale næringslivet, seier Christine Erdal, prosjektleiar for Vekst i Hareid.


Og med tanke på at ein seier at det ofte tek ti år å etablere ein destinasjon som cruisehamn, så er Hareid svært godt i rute. Hareid har allereie fleire bookingar på plass, i tillegg til fleire rederi som seier at dei er svært interesserte i å kome hit. Framtida til Hareid som cruisehamn ser veldig lys ut!

 

 

 

PS: Dei med svært god hukommelse hugsar kanskje at det i 2024 var annonsert at vi skulle få to anløp i 2026. Det eine av desse anløpa vart kansellert ei stund seinare, så difor er det slik at vi no med den nye bookinga igjen er oppe i to anløp.

 
 
 

Comments


bottom of page