
Om prosjektet
Kven er Vekst i Hareid?
Bakgrunn
Ein stor del av bedriftene i Hareid er retta mot ein maritim marknad, som dei seinare åra har vore ramma av ein lang og utfordrande nedtur. Hareid opplevde også at større hjørnesteinsbedrifter flytta ut, eller la ned drifta på Hareid. I løpet av kort tid opplevde ein redusert sysselsetting og auka arbeidsløyse, som gjorde at Hareid fekk status som omstillingskommune i 2019, og dermed også moglegheit til å søke om midlar til dette prosjektet gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylkeskommunen finansierer 50% av prosjektet, Hareid kommune 25 % og næringslivet 25%.
Vidare har Innovasjon Norge ei rolle som nasjonalt kompetansesenter for omstillingsarbeid, og bidreg inn i prosjektet gjennom aktiv rådgjeving og kvalitetssikring.

Kven er vi?
Vekst i Hareid består av ein prosjektleiar som er tilsett i 100% stilling og ei styringsgruppe som består av representantar med bakgrunn frå næringslivet og kommunen. I tillegg er Innovasjon Norge, Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunedirektør med som observatør i styret. Styret har også ein vara med møterett.
Christine Erdal
Prosjektleiar

Karl-Johan Bakken
Styreleiar, representant frå næringslivet

Bernt Brandal
Styremedlem, ordførar Hareid kommune

Hege Karete Hamre
Styremedlem, representant frå næringslivet

Jeanette Teigene
Styremedlem

Johannes Bjarne Alme
Styremedlem, Hareid kommune

Olav Haug Vikebakk
Representant frå næringslivet

Pål-Andreas Alnes
Representant frå næringslivet

Bent Arild Grytten
Observatør, Hareid kommune

Alfred Øverland
Observatør, Innovasjon Norge

May-Britt Roald
Observatør, M&R fylkeskommune

Terje Giskeødegård Balsnes
Vara
