top of page

Mødre på bedriftsbesøk

  • christineerdal0
  • for 5 døgn siden
  • 1 min lesing

Vekst i Hareid, Hareid ungdomsskule og næringslivet i Hareid jobbar saman for å møte det framtidige kompetansebehovet i lokalt arbeidsliv. Målet er at ungdommane skal ta utdanningsval basert på god kjennskap til dei mange moglegheitene i arbeidslivet i kommunen vår.



Visste du at den personen som har størst innverknad på ungdommane sitt val av utdanning, faktisk er mødrene deira? Då tenker vi det er veldig viktig at mødrene har god kjennskap til alle moglegheitene som finst i lokalt arbeidsliv i Hareid.


Difor ønsker vi å invitere mødre (og sjølvsagt også fedre og ungdommen sjølv!) til tre dagar med bedriftsbesøk i februar. Desse dagane får dei kome tett på arbeidslivet i Hareid. Dei får meir informasjon frå seks ulike arbeidsplassar om moglegheitene for utdanning og arbeid innanfor deira bransje.



Korleis fungerer det?


Seks bedrifter – tre dagar i februar

  • Tid: Kl. 15:00–16:30 Bedriftsbesøk

  • Etterpå: Kl. 16:30–17:30 samling på Millennium Cowork med mat, prat og stands frå vidaregåande skular, rådgjevar, opplæringskontor osv.

  • Gratis deltaking, men avgrensa plassar – meld deg på dei dagane som passar for deg!


Program:

  • Tysdag 10. februar: HS Rise Bygg & Millennium Kafé

  • Onsdag 11. februar: Trident Aqua Services & Sektor for velferd i Hareid kommune

  • Torsdag 12. februar: Hareid Group & Ulmatec



Kvifor bør du bli med?

  • Få innsikt i lokale jobbmoglegheiter

  • Hjelp ungdommen med å ta gode utdanningsval

  • Bygg nettverk med bedrifter og andre foreldre


Ønsker du å melde deg på? Sjå meir informasjon og finn påmeldingslenke til kvar dag under «Kva skjer».

 
 
 

Kommentarer


bottom of page