top of page

Pressemelding: Arbeidsinkluderingsgruppa Hareid

  • christineerdal0
  • 15. des. 2025
  • 1 min lesing

Mangelen på arbeidskraft er ei kjent utfordring i heile Noreg, samstundes som mange står utanfor arbeid og utdanning. For å møte denne situasjonen lokalt har vi i Hareid etablert arbeidsinkluderingsgruppa. Initiativet kjem frå Vekst i Hareid, og målet er å finne felles prosjekt som kan bidra til at fleire kjem i arbeid.


Gruppa samlar aktørar frå NAV, Furene, Hareid kommune, Hareid Ressurssenter, Hareid Frivilligsentral, Oppfølgingstenesta (OT) i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hareid næringsforum og Vekst i Hareid. Gjennom samarbeid på tvers av offentlege og private aktørar ønskjer vi å skape løysingar som både styrkar lokalt næringsliv og gir nye moglegheiter for dei som står utanfor arbeidslivet.


– Dette er ei utfordring som gjeld heile landet, men vi vil vise at det går an å finne løysingar lokalt. Bedriftene våre manglar arbeidskraft, samstundes som vi har mange ressursar i lokalsamfunnet som ikkje er i jobb. Ved å samle ulike aktørar rundt same bord, kan vi finne praktiske løysingar som gir fleire ein veg inn i arbeidslivet, seier Christine Erdal, prosjektleiar i Vekst i Hareid.


Arbeidsinkluderingsgruppa oppmodar bedrifter som har behov for arbeidskraft til å ta kontakt med oss. Det finst mange gode verkemiddel for å få folk i arbeid, og vi ønskjer at næringslivet skal bli betre kjend med desse moglegheitene. Samarbeid kan gi både bedriftene og lokalsamfunnet store gevinstar.


Deltakarane i arbeidsinkluderingsgruppa. Frå venstre: Johannes Alme, Idar Flø, Heidi Pedersen Kvalsvik, Eiliv Tore Howlid, Silje Kiperberg Aksnes, Christine Erdal, Inge Jonny Hide, Kirsti Gaudestad, Ingvild Slotterøy, Linda Sævik og Bernt Brandal.

(Ikkje til stades på biletet: Alexander Måseidvåg, Ann Turid Egset og Trine Pilskog.)

 
 
 

Kommentarer


bottom of page