top of page

Slik kan eit Newtonrom gi elevane i Hareid meir meistring – og næringslivet kompetansen dei treng

  • for 7 minutter siden
  • 3 min lesing

Hareid står midt i ei viktig framtidssatsing: ønsket om å etablere eit eige Newtonrom i kommunen. Målet er å styrke rekrutteringa til realfag, gi elevane meir motivasjon og meistring i skulekvardagen – og samstundes bygge den kompetansen næringslivet i Hareid har behov for i åra som kjem.


Foto: First Scandinavia
Foto: First Scandinavia

Eit Newtonrom er ein praktisk læringsarena der elevane jobbar utforskande med teknologi, naturvitskap og matematikk. Her får dei lære gjennom å gjere, teste og samarbeide, tett knytt til reelle problemstillingar frå samfunnet og arbeidslivet.

 

God start på finansieringa

Arbeidet med Newton Hareid er allereie godt i gang. Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har gitt kr 600 000 i støtte til prosjektet, noko som gir eit viktig økonomisk fundament vidare i prosessen.


Samtidig er Hareid kommune i ein krevjande økonomisk situasjon, med kutt i skulesektoren. Nettopp derfor vil eit Newtonrom vere eit svært positivt supplement for elevane i kommunen, ved å gi dei tilgang til moderne læringsopplegg og praktisk undervisning utanfor den ordinære klasseromsramma.


I regionen vår finn vi to Newttonrom, i Volda og i Ålesund. I Volda vart Newtonrommet opna hausten 2025, og er sponsa av Sparebanken Møre. Vekst i Hareid og Hareid kommune er no også i dialog med Sparebanken Møre om ei mogleg etablering av Newtonrom i Hareid. 


Foto: First Scandinavia
Foto: First Scandinavia

 

Elevane får teste konseptet i Volda

For å gi elevane ei konkret oppleving av kva eit Newtonrom er, sender Vekst i Hareid alle 6.-klassingar og 9.-klassingar i Hareid kommune til Newton Møre i Volda dei komande vekene. Dei fyrste elevane frå barneskulane reiser allereie fyrstkomande måndag, 20. april.


Besøka i Volda gir verdifulle erfaringar både for elevane sjølve og for kommunen i det vidare arbeidet med Newton Hareid. Også leiinga i skulesektoren har stor tru på satsinga. Rektorane i Hareid, saman med kommunalsjef i sektor for læring og kultur Helge Hamre, har tidlegare vore på besøk hos Newton Møre i Ålesund. Etter besøket var dei tydelege på at dette er ei læringsform dei ønskjer for elevane i Hareid.

 

Planlagt lokalisering i rådhuskjellaren

Per i dag jobbar prosjektgruppa ut frå ein førebels plan om å lokalisere Newtonrommet i kjellaren på rådhuset. Dette vil gi ein sentral og tilgjengeleg plass for både skular og samarbeidspartnarar.

Vi har eit ambisiøst mål om Newton Hareid kan stå klart til bruk hausten 2027, føresett at vi får finansieringa på plass.

 

Foto: First Scandinavia
Foto: First Scandinavia

Ei investering i framtida for Hareid

Eit Newtonrom i Hareid vil vere til nytte for heile bygda:

  • Elevane får meir meistring og lærelyst i realfag

  • Skulane får eit viktig pedagogisk supplement

  • Næringslivet får vere med å forme framtidig kompetanse

  • Lokalsamfunnet styrkar attraktiviteten og framtidsretta utvikling

For føresette handlar dette om å gi borna best mogleg utgangspunkt for vidare utdanning og yrkesval. For næringslivet er det ei investering i framtidige medarbeidarar med rett kompetanse.

 

No treng vi fleire med på laget

For å realisere Newton Hareid er vi avhengig av brei støtte frå både næringsliv og lokalsamfunn. Verksemder og andre som ønskjer å bidra økonomisk eller engasjere seg i prosjektet, er velkomne til å ta kontakt.

Du kan kontakte:

  • Arbeidsgruppa for Newton Hareid ved Pål Andreas Alnes

  • Prosjektleiar i Vekst i Hareid, Christine Erdal


Saman kan vi gi barn og unge i Hareid ei læringsoppleving som varer langt utover skuletida.


Foto: First Scandinavia
Foto: First Scandinavia

 

Kva er Newton-konseptet?

Newton-konseptet er eit heilskapleg system for ei langsiktig satsing på realfag. Gjennom Newton får elevar tilgang til praktisk undervisning i tråd med gjeldande læreplan.Newton-konseptet er utvikla slik at det kan tilpassast behova, ønskja og storleiken i den enkelte kommunen.


Ved å knyte seg til Newton får kommunane tilgang til ressursane i nettverket, som undervisningsmodular, eigne nettsider og påmeldingssystem, med meir. Newton blir ein del av den ordinære skuledrifta i kommunen, og Newton-lærarar blir tilsette av kommunen sjølv.


Undervisninga går føre seg i Newton-rom, som er spesialdesigna for praktisk undervisning i realfaga. Etablering av Newton-rom blir gjerne finansiert av lokalt næringsliv, og etableringsprosjektet blir leia av FIRST Scandinavia.


Undervisningsopplegga i Newton blir kvalitetssikra fagleg og didaktisk av Newton-administrasjonen og NTNU Skolelaboratoriet. Godkjende undervisningsopplegg blir delte med Newton-nettverket gjennom ein eigen nettportal. Det blir i dag drive spennande forsking på undervisninga i Newton.


Newton utgjer eit stadig veksande nettverk av Newton-lærarar og skuleeigarar som samarbeider om god læringskultur og praksis. I nettverket blir engasjement, kompetanse og erfaring delte.


Nettverket blir drive av ein sentral Newton-administrasjon som gir tett oppfølging, opplæring og kompetanseheving gjennom årlege kurs og samlingar.

Newton er støtta av Utdanningsdirektoratet, og konsepteigar er den ideelle stiftinga FIRST Scandinavia.


Kjelde: https://newtonroom.com/no


 
 
 

Kommentarer


bottom of page