SMARTe 6.-klassingar!
- christineerdal0
- 3. apr.
- 1 min lesing
Denne veka har kreativiteten fått fritt utløp blant 6.-klassingane ved Hareid og Hjørungavåg skule. Kan ein lage ei maskin som brettar klede? Eller kva med ei drone som ryddar plastikk? Korleis kan ein søt katterobot gjere det lettare å stå opp på morgonen? Og kan eit par konsentrasjonsbriller gjere det lettare å fylje med på skulen?
Dette er nokre av kvardagsproblema som 6.-klassingane frå Hareid og Hjørungavåg denne veka har jobba med å finne smarte og berekraftige løysingar på. Dei har nemleg delteke på SMART-veka, som er eitt av programma til Ungt entreprenørskap. I dag var alle elevane og lærarane samla i gymsalen på Hareid skule for å presentere løysingane sine til foreldre, besteforeldre og medelevar. Og her var det tydeleg at kreativiteten hadde blomstra! Kanskje var det nokre framtidige oppfinnarar og gründerar som fekk vise seg fram i dag?


Comments