top of page
Søk

Innspel til endring i hurtigbåtrute - Næringslivet treng 04:55 båten frå Hareid

Frå 1. januar blei første avgangen med hurtigbåt Hareid - Valderøy - Ålesund kl. 04:55 fjerna. I praksis betyr det at mange ikke når dei tidlegast avgangane frå Vigra, inkludert KLM sitt morgonfly. Ordførarane på Søre Sunnmøre har kommet med krav om at denne må tilbake i rute. Dette er vidare støtta av Sunnmøre regionråd, Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre og Næringsforeningen Ålesundregionen.



Foto: Hareid kommune


I hurtigbåtsambandet Hareid–Valderøya–Ålesund vart den første avgangen frå Hareid på kvardagar, klokka 04.55, fjerna frå 1. januar 2024. Det gir dei reisande og næringslivet på Søre Sunnmøre store utfordringar med å rekke dei fyrste flyavgangane frå Vigra. Og vi vil på det sterkaste oppmode om at 04.55-avgangen snarast kjem på plass igjen.


Med hurtigbåtavgang klokka 05.45 frå Hareid, er det ikkje mogleg å nå flyavgang frå Ålesund lufthamn til Bergen 06.20. Det vert også svært knapp tid for å nå avgangane til Oslo 06.50, og det vert ikkje tid til å sjekke inn bagasje. Det er heilt uakseptabelt at det i praksis vert gjort umogleg å nå dei første flyavgangane på Ålesund lufthamn med kollektivtransport frå Hareid.


For næringslivet på søre Sunnmøre er det svært viktig å ha gode samband til rett tid mellom Hareid og Ålesund lufthamn, ikkje minst tidleg om morgonen. Dette må til for å nå destinasjonar både nasjonalt og internasjonalt. Vi har fått eintydige tilbakemeldingar frå næringslivet om vanskane dei får både økonomisk og praktisk dersom dei vert avskorne for å bruke den mest effektive måten å nå første fly frå Vigra på.


Tilbakemeldingane frå næringslivet peikar på fleire moment:  


  • Reisande rekk ikkje første fly til Bergen.

  • Reisande rekk då heller ikkje fly frå Bergen til Aberdeen som er brukt av mange sjøfolk og andre innan offshore.

  • Fleire vil køyre bil til Vigra. Det gir meir trafikk og unødvendig bruk av kapasitet på taxi.

  • Ein rekk ikkje første avgang med Widerøe til Bergen klokka 06.20.

  • Dersom ein tek første hurtigbåt klokka 05.45 og buss til Vigra, rekk ein 06.50-flya til Oslo, men ein rekk ikkje å sjekke inn bagasje. Det er stengt når ein kjem, så skal ein ta dette flyet, må ein enten køyre til Vigra eller reise kvelden før og overnatte.

  • Det er avgrensa med overnattingskapasitet på Vigra.

  • For eit reiarlag vil det koste mellom 100 000 og 150 000 kroner å sende eit båtmannskap dagen før for at dei skal kunne ta morgonflya og kome seg ut i verda.

  • Alle bedrifter vil få auka kostnader med drosje med meir dersom nokon må reise med tidlege flyavgangar.

  • Når flyet til KLM som går klokka 06.30 kjem tilbake i sommarmånadane, vil ein ikkje kunne ta dette utan å køyre bil eller reise til Vigra kvelden før.

  • Dette kan føre til færre passasjerar på desse rutene, som igjen kan føre til nedlegging.


Næss – næringsforeiningane på søre Sunnmøre er ei organisering av næringsforeiningar og vekstselskap på Søre Sunnmøre. Næss består av Ørsta næringskontor, Volda næringsforum, Vanylven utvikling, Sande kommune, Herøy næringsforum, Ulstein næringsforum, Vekst i Hareid og Hareid næringsforum. Desse aktørane samarbeider om å styrke næringslivet i regionen og fremme næringslivet sine saker.

0 kommentarer
bottom of page