top of page
Søk

Hareid markerer seg i regionen som er verdsleiande for havbruksnæringa

Det lokale brønnbåtreiarlaget, Intership har hatt ei enorm utvikling sidan starten i 2014. Utviklinga derifrå, til dagens rederi med heile 9 båtar i drift og 170 tilsette, har vore enorm. Førre helg var det endeleg klart for namneseremoni for det nyaste tilskot i Intership sin flåte, «Inter Scotia», ved kai på Hareid. Dette er den andre namneseremonien Intership gjennomfører på eit år, begge på heimebane.



Bilete av Gudmor, Juliana Brandal og Kaptein, Svenn Arve. Foto: Oclin AS
Gudmor, Juliana Brandal og kaptein, Svenn Arve. Foto: Oclin AS

Laurdag førre helg var det endeleg klart for namneseremoni for Intership sitt nyaste fartøy.

Inter Scotia er vår niande båt, vårt fjerde nybygg og det andre frå Zamakona i Bilbao, fortalde administrerande direktør i Intership, Ole-Peter Brandal under namneseremonien. Ole-Peter Brandal la til at Intership har ytterlegare to skip under bygging. Desse skal vere klare til vinteren 2024. I tillegg til namneseremoni var det open båt der alle skuelystne fekk kome ombord å sjå på det flotte skipet. Det var stort oppmøte og mange imponerte innbyggjarar som gjekk på land igjen etter ei runde ombord.


Samla næringa til feiring


Intership brukte denne anledninga til å samle viktige støttespelarar i næringa. Inviterte gjestar vart med skipet til Ålesund for ei flott feiring etter sjølve namneseremonien. Tilstades var kundar, leverandørar, bankar, mannskap, tilsette, representantar frå Aquaship, Amerikan Industrial Partners, kommunen og ei rekkje andre viktige støttespelarar. Vår region er verdsleiande innanfor dette segmentet og Ole Peter Brandal seier det er viktig for Intership å bruke denne anledninga til å løfte fram næringa og dei moglegheitene som ligg her.



Foto: Ordførar Bernt Brandal talte under middagen og nytta anledninga til å reklamere litt for Hareid
Ordførar Bernt Brandal talte under middagen og nytta anledninga til å reklamere litt for Hareid



Eit skip for framtida


Inter Scotia er designa med stort fokus på fisehandtering, fiskevelferd og biosikkerheit og har allereie vore i arbeid for Mowi i Skottland i fleire månader. Det topp moderne batterihybride skipet, er designa av Salt Ship Design og har ein lastekapasitet på 2500 kubikkmeter. Fiskehandteringssystemet er levert av MMC First Process og fartøyet har installert eit stort produksjonsanlegg for ferskvatn. Ferskvannsproduksjonen blir gjort gjennom omvendt osmose, med en produksjonskapasitet på 5,000 kubikkmeter ferskvant i løpet av 24 timer. Kombinasjonen av ferskvannsbehandling og lavtrykksbehandling er ei effektiv og skånsom metode for fjerning av lakselus og gjelleutfordringer i samme operasjon.


Intership har sida 2016 leia utviklinga innan ferskvannsbehandling av lus og AGD ved bruk av omvendt osmose. I løpet av dei åtte siste åra har selskapet opparbeida seg omfattende operasjonell erfaring i ferskvannsproduksjon og ferskvannsbehandling. Erfaringane er vidare brukt til å aktivt utvikle og forbetre eksisterande og planlagde system. Resultatet er eit spesialdesigna omvendt osmosesystem for brønnbåt, som gir ei svært effektiv, rimelig og miljøvennlig metode for lus-, AGD- og annen gjelle behandling av oppdrettsfisk.


I desember vart det klart at Intership og Aquaship slo seg saman, og at American Industrial Partners kom inn som majoritetseigar. Dette opnar mange nye moglegheiter for selskapet og gjer ein i stand til å halde fram den langsiktige vekststrategien.



Bilete av Fra seilasen etter navneseremonien. Foto: Oclin AS
Frå seilasen etter navneseremonien. Foto: Oclin AS









0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page