top of page
Søk

Attraktive bustadtomter i fleng i Hareid!

Når det først skjer, gjer Hareid det skikkeleg. Etter mange år med få attraktive, byggeklare tomter i Hareid, skal dette endeleg endre seg. No kjem både Plassane og Brekkane bustadfelt, og utbygginga startar allereie til våren.


Bilete av Plassane bustadfelt
Vil du drikke morgonkaffen til denne utsikta? Då må du sikre deg ei bustadtomt ved Plassane bustadfelt. Foto: Hareid kommune

Plassane bustadfelt på indre Hareid ligg i eit fint og landleg område nær sentrumsfasilitetar, barnehage, skule og kollektivtrafikk. Feltet vil innehalde opp til 70 bueiningar i ulike variantar

og vil bestå av både fleirmannsbustadar og einebustadar.


Bilete frå synfaring ved Plassane bustadfelt.
Hareid kommune inviterte entreprenørar til synfaring og presentasjon av prosjektet.

Frå området har du nydeleg panoramautsikt over Hareid sentrum, fjorden og fjella. Feltet vil innehalde heile 5 naturnære leikeplassar og tursti. Her får du altså både fordelane av nærheit til sentrum og natur i eitt.


Prosjektet er eigd av Hareid kommune og utbygging av teknisk infrastruktur ligg no ute på anbod. Denne veka var entreprenørar på synfaring i området. Gravearbeidet skal starte opp rett over påske i 2024.


Meir informasjon rundt sal av tomter kjem snart.




Brekkane - eit steinkast frå Hareid sentrum


Bilete av Brekkane bustadfelt på Hareid.
Tett på Hareid sentrum finn vi Brekkane bustadfelt. Foto: Blink Hus Søre Sunnmøre

Enda tettare på Hareid sentrum har nyleg delar av Brekkane bustadfelt blitt lagt ut for sal. Felt er planlagt med om lag 45 bueiningar fordelt på to-, og firemannsbustadar, einebustadar i rekkje/kjede og frittståande einebustadar øvst i feltet. Brekkane er det første regulerte sentrumsnære bustadfeltet på svært mange år, og ligg få minutt frå to barnehagar, barne- og ungdomsskule, sentrum med helsehus, butikkar, ferje- og hurtigbåtkai. Feltet ligg også eit lite steinkast frå idrettsanlegg med gras- og kunstgrasbane, symje-, fotball-, idretts- og basishall.


I utforminga av feltet har vi tenkt konsentrert utnytting nedst i feltet med to- og firemannsbustadar. Om ein ynskjer litt meir plass, kan ein busetje seg litt lenger oppe i feltet der det er tenkt rekkjehus og einebustadar heilt øvst. Langs fylkesvegen vil det kome støyvegg som vil skjerme heile feltet for trafikkstøy og det vil bli etablert leikeplassar, friområde og nedgravd renovasjonsanlegg. Blink Hus Søre Sunnmøre er utbyggar av dette feltet.


Med desse to felta er vi rusta til huse dei mange nye innbyggjarane vi meiner Hareid vil få dei neste åra.


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

コメント


bottom of page