top of page

Prosjektperioden til Vekst i Hareid er forlenga!

  • christineerdal0
  • for 3 døgn siden
  • 1 min lesing

ree

Sidan vi framleis har att midlar i prosjektet, gir det oss ei fantastisk moglegheit til å halde fram med dei positive aktivitetane vi har sett i gang. Forlenginga betyr at vi kan fortsette arbeidet med å skape gode møteplassar der folk og idear møtest, framsnakke Hareid som ein attraktiv stad å bu og jobbe, og styrke samarbeidet mellom skulane og næringslivet.

Vi vil også halde fram med å legge til rette for vekst i reiselivet, for gründerar som ønskjer å satse, og bidra til å sikre rekruttering av arbeidskraft til lokalt næringsliv. Dette er viktige steg for å bygge eit sterkt og framtidsretta Hareid, der både bedrifter og innbyggarar kan vekse og trivast. Vi trur nemleg på at aktivitet skaper aktivitet!


Prosjektet held fram ut juni 2026, og vi ser fram til å bruke denne ekstra tida til å skape endå

meir aktivitet, engasjement og vekst i kommunen vår.

 
 
 

Kommentarer


bottom of page