top of page
Søk

Vekst i Hareid får forlenga levetid og auke i løyvinga frå fylkeskommunen

Omstillingsprosjektet Vekst i Hareid, som er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Hareid næringsforum/næringslivet i Hareid, fekk denne veka tilført meir midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Fokuset på næringsutvikling i Hareid står dermed sterkare enn nokon gong, og no satsar ein vidare mot meir spissa aktivitet både i etablert næringsliv og mot nyetablering.


Vekst i Hareid konstituerte nytt styre i november 2022. Bak frå venstre: Bernt Brandal (representant frå Hareid kommune), Kai-Rune Bjørke (representant frå Hareid kommune), Terje Giskeødegård Balsnes (vara frå næringslivet), Alfred Øverland (observatør Innovasjon Norge), Pål-Andreas Alnes (representant frå næringslivet). Rad 2 frå venstre: Ragnhild Velsvik Berge (observatør frå Hareid kommune, Karl-Johan Bakken (styreleiar), Hege Karete Hamre (representant frå næringslivet), Olav Haug Vikebakk (representant frå næringslivet.) Framme frå venstre: Julie Sundgot Andersen (prosjektleiar), May-Britt Roald (observatør Møre og Romsdal fylkeskommune). I tillegg er Kjetil Nesset styremedlem, men var ikkje til stades under fotografering. Foto: Nanseth Media.
Vekst i Hareid konstituerte nytt styre i november 2022. Bak frå venstre: Bernt Brandal (representant frå Hareid kommune), Kai-Rune Bjørke (representant frå Hareid kommune), Terje Giskeødegård Balsnes (vara frå næringslivet), Alfred Øverland (observatør Innovasjon Norge), Pål-Andreas Alnes (representant frå næringslivet). Rad 2 frå venstre: Ragnhild Velsvik Berge (observatør frå Hareid kommune, Karl-Johan Bakken (styreleiar), Hege Karete Hamre (representant frå næringslivet), Olav Haug Vikebakk (representant frå næringslivet.) Framme frå venstre: Julie Sundgot Andersen (prosjektleiar), May-Britt Roald (observatør Møre og Romsdal fylkeskommune). I tillegg er Kjetil Nesset styremedlem, men var ikkje til stades under fotografering. Foto: Nanseth Media.

May Britt Roald sit som observatør frå Møre og Romsdal fylkeskommune i Vekst i Hareid. Ho begrunnar den siste løyvinga med at Vekst i Hareid allereie har lukkast med å bidra til nye arbeidsplassar i Hareid. Eit slikt prosjekt, der næringsliv og offentleg verksemd dreg lasset saman, er heilt avgjerande for at Hareid skal vere ei attraktiv kommune å bu, besøke eller drive næring i. Fylkeskommunen har tru på at planane som no er lagt vil bidra til meir ny næringsaktivitet, og vil følgje prosjektet tett framover.


Det heile starta i 2020 med eit hovudprosjekt som fekk tilført 1 million kroner årleg frå fylkeskommunen. Så auka ein aktivitet og fylkeskommunen følgde opp med å auke ramma tilsvarande, til 2 millionar kroner for dei komande åra. Basert på dei prosjekta som no står på trappene er løyvinga igjen auka, denne gongen til 3 millionar kroner for det komande året. I tillegg held Hareid kommune og 10 lokale bedrifter i Hareid fram sitt bidrag. Dette til saman gjer at prosjektet får leve minst eit år til og ein kan halde fram det gode arbeidet.


Vekst i Hareid har som hovudmål å bidra til eit styrka næringsliv og auka verdiskaping i bedriftene i Hareid. Prosjektet fokuserer på tilrettelegging for utvikling av eksisterande næringsliv, vere bindeleddet inn mot kommunen og verkemiddelapparatet, samt bidra til nyskaping og nyetablering av bedrifter.


Etableringa av Vekst i Hareid som samarbeidsprosjekt mellom kommune og næringsliv har skapt eit viktig skifte i utviklinga i Hareid. Ein har sett fokus på utviklingskultur og det å finne gode løysingar i lag. Hareid kommune er i ferd med å gjennomføre prosjektet Næringsvennleg kommune, som er finansiert av Vekst i Hareid og Innovasjon Norge. Gjennom mellom anna dette prosjektet har det blitt jobba godt og målretta med å rigge eit næringsapparat som kan handtere og agere på næringslivet sine behov og ein er i ferd med å utarbeide ein strategisk næringsplan. Vidare jobbar også kommunen med ein strategisk hamneplan, som har formannskapet som styringsgruppe. Dette planarbeidet er ein snart i mål med og det vil sette viktige føringar for næringsutvikling i tida framover.


Hareid har eit svært utviklingsorientert næringsliv med fleire tunge aktørar som investerer og har sterk lokal forankring, samtidig som vi ser nye mindre aktørar vekse fram med sterk utviklingsmotivasjon. Gjennom prosjektet SMB-utvikling vil Vekst i Hareid i tida framover tilby bedrifter ekstra kapasitet og bistand i sitt utviklingsarbeid for å bidra til å sikre konkurransekraft og vekst i eksisterande næringsliv.


Reiseliv vil også stå sterkt på agendaen i tida framover. I skjeringspunktet mellom det offentlege og private er ein no i ferd med å legge viktige strategiske føringar som kan bidra til verdiskaping og nye arbeidsplassar innanfor reiselivsnæringa.


Saman med næringslivet i kommunen har vi sidan 2019 hatt sterkt fokus på å legge til rette for eksisterande og nye bedrifter. I dette arbeidet har mellom anna fokus på samarbeidet mellom kommunen og næringslivet stått sentralt. Det er likevel svært mykje å arbeide med vidare – skal vi lukkast må vi halde fokus og tempo, uttaler ordførar Bernt Brandal.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page