top of page
Søk

Tømmestøl Tekstil satsar på Hareid

Nyleg blei Tømmerstøl Tekstil kjøpt opp av Kristiansundselskapet, Møre Drift og Renhold. No har dei også flytta vaskeriet inn i nye lokaler i Hareid sentrum.


Sjølv om vaskeriet blei oppkjøpt var det ikkje sjølvsagt at dei skulle satse vidare på Hareid. Dei hadde behov for nye lokaler og har sett på ulike løysingar i regionen her.

Å flytte eit vaskeri er heller ikkje ei enkel sak. Det er kostbart, det krev gode løysingar og nødvendige løyver må på plass frå dei rette instansane. I denne prosessen har Vekst i Hareid jobba tett med ny eigar av selskapet som eit bindeledd mot kommune og huseigar, for å finne dei beste løysingane. Vi er svært glade for at Hareid trekte det lengste strået og at vaskeriet valde å satse vidare på Hareid.


I romjula flytta nemleg Tømmerstøl Tekstil inn i Hadarbygget i Strandgata 37. Her har dei investert store summar i å bygge eit nytt vaskeri frå botnen av. I tillegg investerer dei i fleire nye maskiner som blant anna vil effektivisere drifta og redusere forbruket. Dette viser at dei satsar på lokasjonen på Hareid og ser nytten av den gode plasseringa sentralt i eit gunstig knytepunkt på Sunnmøre.


Dette betyr at vi har sikra arbeidsplassar på Hareid og vi beheld tilbodet om eit lokalt vaskeri både for privatpersonar og næringslivet i regionen her. Vidare har Tømmerstøl brukt store summar på å bygge opp dei nye lokala. Her har dei utelukkande brukt lokale underleverandørar og gitt arbeid til fleire Hareidsbedrifter i denne flytteprosessen. Vi ser fram til å følge med på vidare utvikling av vaskeriet og ønsker dei lykke til i vidare satsing på Hareid.

0 kommentarer
bottom of page