top of page
Søk

Treff kundane med Blink Hus

PRESSEMELDING FRÅ BLINK HUS SØRE SUNNMØRE 05.06.2023


Blink Hus Søre Sunnmøre vart nytt medlem i Blink Hus 1.6.2023. Frå venstre Terje Giskeødegård Balsnes, daglig leder i Blink Hus Søre Sunnmøre, Esten Hilmarsen, bedriftsutviklar i Blink Hus og Kristoffer Kvammen, teknisk sjef i Blink Hus Søre Sunnmøre.
Blink Hus Søre Sunnmøre vart nytt medlem i Blink Hus 1.6.2023. Frå venstre Terje Giskeødegård Balsnes, daglig leder i Blink Hus Søre Sunnmøre, Esten Hilmarsen, bedriftsutviklar i Blink Hus og Kristoffer Kvammen, teknisk sjef i Blink Hus Søre Sunnmøre.

Kundene vil ha praktiske hus som dei også finn attraktive og spanande. Som nytt medlem i Blink Hus får vi ein innhaldsrik huskatalog til huskundane våre. Vi vert sterkare saman med ei solid kjede som har gode system for byggeprosjekta og for å drive verksemda vår, seier dagleg leiar Terje Giskeødegård Balsnes.


1. juni vart Hadarhus AS på Hareid medlem i husprodusenten Blink Hus under namnet Blink Hus Søre Sunnmøre. Ein god huskatalog, velfungerande logistikk frå Byggtorget, det totale tjenestetilbodet og eit dyktig lag med kjedekollegaer og ressurspersonar på kjedekontoret å spele på, avgjorde valet om å verte medlem i Blink Hus, seier dagleg leiar Terje Giskeødegård Balsnes i Blink Hus Søre Sunnmøre.

Sunnmørsk kremmarånd

Blink Hus Søre Sunnmøre vart skipa tidleg på femtitalet av Endre Hareide, som var bestefaren til Terje Giskeødegård Balsnes si kone. Endre Hareide var ein framtidsretta kar som køyrde over fjellet for å hente trevirke til Sunnmøre for å byggje hus, då det mangla trelast til oppbygginga etter krigen. Frå då har tre generasjonar skapt arbeidsplassar med trelasthandel, husbygging og takstolproduksjon i god, sunnmørsk kremmarånd, fortel Balsnes. I 2013 vart trelast- og byggevarebutikken selt for å konsentrere seg om husbygginga. I dag bygger Blink Hus Søre Sunnmøre åtte til ti bustader på søre Sunnmøre kvart år, med Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta og delar av Volda som nedslagsfelt. Dei fleste er bustadhus for privatkundar, men også bustader i eigenutvikla bustadfelt, som det nye feltet Brekkane-Rima som er planlagt på Hareid. Blink Hus Søre Sunnmøre har også mange oppdrag innan rehabilitering.


Det er ti tilsette, av dei seks tømrarar tilsett i bedrifta. Fleire tømrarar vert leigde inn frå faste samarbeidspartnarar etter behov. I 2022 omsette Blink Hus Søre Sunnmøre for 37 mill. kroner.

Bedriftsutviklar Esten Hilmarsen i Blink Hus ønsker Blink Hus Søre Sunnmøre velkommen i kjeden. Vi er veldig glade for å få ei så framtidsretta verksemd med dyktige medarbeidarar med oss på laget. Dei har eit godt renommé, og vi deler filosofien om å gjere en skikkeleg jobb lokalt. Vi set stor pris på at dei allereie har engasjert seg i å utvikle kjeden ytterlegare saman med oss, i form av at dei har meldt seg til teneste i kjederådet vårt, seier bedriftsutviklaren.


Nye Blink Hus

Byggjeaktiviteten i området er god. No ser Balsnes fram til å byggje Blink Hus. Fleire kundar er klare for å byggje, og hustypen “Fredrikstad” er valt i to byggeprosjekt som startar til sommaren. Vi merkar at høgare renter og byggjekostnadar gjer kundane våre meir prisbevisste. Då byrjer vår jobb med å gi kunden gode råd, slik at bustadan kan byggjast med gode løysingar innanfor budsjettet. Som medlem i Blink Hus har vi fått fleire verkty i verktykassa for å gjere husdraumen til kundane våre verkeleg, seier han.


Blink Hus er ein bolig- og hytteprodusent med 34 forhandlarar i heile landet. Kjeden har veletablerte forhandlarar med godt renomme, som primært fokuserar på å byggje bustader og hytter, i tillegg til å utvikle eigne bustadområder. Blink Hus står for bærekraftig byggjing og lokalt eigarskap. Når du vel Blink Hus, vel du lokale samarbeidspartnarar. Blink Hus leverer lokal kvalitet.

0 kommentarer
bottom of page