top of page
Søk

SMARTe løysingar i skulane i Hareid

21 megasmarte løysingar på kvardagsproblem er resultatet av førre vekes arbeid saman med Ungt Entreprenørskap for alle elevar på 6. trinn ved Bigset, Hjørungavåg, Brandal og Hareid skule.


Dei tre jentene på biletet har laga ein smart framtidsheim som kan hjelpe deg med det aller meste.
Dei tre jentene på biletet har laga ein smart framtidsheim som kan hjelpe deg med det aller meste.

Korleis kome seg ut av senga kvar morgon? Korleis få hjelp med leksene? Korleis få kleda til å vekse i takt med personen? Eller korleis sortere ut bæsj frå kattedoen? Dette er berre nokon av problemstillingane vi fekk presentert løysingar på førre veke. Veka brukte nemleg alle 6. klassene i Hareid kommune til å jobbe med SMART-programmet til Ungt Entreprenørskap. I programmes skal dei finne seg eit kvardagsproblem, gå på idèjakt, finne løysingar og lage prototyp. I tillegg skal dei øve seg på å presentere løysinga si for eit publikum.

Veka blei avslutta på fredag med ei felles utstilling, der alle skulane var samla i gymsalen ved Hareid skule. Totalt 21 standar frå dei ulike skulane med gode idear vart presentert. Til stades for å høyre på dei kreative 6. klassingane var fleire politikarar, personar frå kommunen, Mafoss og Vekst i Hareid. I tillegg kom fleire foreldre og besteforeldre for å sjå.


Superkreative og engasjerte elevar med svært mange god løysingar. Av alle som deltok er det stor sannsynlegheit for at fleire av desse kan ende opp som gründerar i framtida. Mange av ideane var så gode at ein burde teke patent på dei med det same. Dette har vore ei fin veke!


SMART-programmet er eit program gjennom Ungt Entreprenørskap og ein viktig del av prosjektet Samarbeid læring - næring som blei etablert gjennom Vekst i Hareid for 1,5 år sidan. Dette er 2. året ein gjennomfører ei felles SMART-veke for alle 6. klassene i kommunen. Dette gir skulen ei kvalitetssikring i forhold til kompetansemåla i læreplanen som omhandlar entreprenørskap. Gjennom dette samarbeidet viser Hareid kommune at ein set entreprenørskap i skulen høgt.


Målet med veka er at elevane skal få lov til å vere kreative og tore å ha tru på eigne idèar. Dette ønskjer vi at dei skal ta med seg inn i framtida, slik at nokon av dei blir framtidas entreprenørar og verdiskaparar. Dette treng bedriftene rundt oss!





0 kommentarer
bottom of page