top of page
Søk

SMART Hareid

17 megasmarte løysingar på kvardagsproblem er resultatet av denne vekas arbeid saman med Ungt Entreprenørskap i skulane i Hareid kommune.


70 elevar samla til presentasjon av vekas SMART-arbeid ved Hareid skule fredag morgon. Mange kreative idear blei presentert.

Korleis kome seg ut av senga kvar morgon? Korleis få hjelp med leksene? Korleis få fleire til å sortere søppel? Eller korleis få hjelp til å brette klede? Dette er berre nokon av problemstillingane vi fekk presentert løysingar på i dag. Denne veka har nemleg alle 6. klassene i Hareid kommune jobba med SMART-programmet til Ungt Entreprenørskap, der dei har avdekka behov, utvikla idear og funne løysingar på sine kvardagsproblem.


Veka blei i dag avslutta med ei felles skulemesse der alle skulane var samla i aulaen ved Hareid skule. Totalt 17 standar frå dei ulike skulane med gode idear vart presentert. Til stades for å høyre på dei kreative 6. klassingane var varaordførar Annika Brandal, leiar i Hareid Frp Oskar Grimstad, kommunalsjef læring og kultur Cecilie Bjørlykke, leiar i Mafoss Jan Thormodsæter, prosjektleiar i Vekst i Hareid Julie Sundgot Andersen og fleire av rektorane ved dei ulike skulane. I tillegg var lokalavisa tilstades, noko som var ekstra nervepirrande for dei spente elevane.





Superkreative og engasjerte elevar med svært mange god løysingar. Av dei 70 elevane som deltok er det stor sannsynlegheit for at fleire av desse kan ende opp som gründerar i framtida. Mange av ideane var så gode at ein burde kanskje teke patent på dei med det same. Dette har vore ei fin veke!



0 kommentarer

Comments


bottom of page