top of page
Søk

Skipet som set Hareid på kartet

Det er nærmast umuleg å ikkje få auge på det 177 meter lange konstruksjonsskipet, Normand Maximus, som er inne til mobilisering ved Ulmatec Service Base. Skipet ruvar godt i bygdebiletet, og viser godt igjen både frå toppen av Hareidseidet og frå Sulesundsida. Ikkje berre er det visuelt synleg, men det skaper også stor synlegheit i regionen ettersom jobben som skal gjerast ombord, skaper arbeid for fleirfoldege bedrifter på Sunnmøre.



Bilete av Normand Maximus ved Ulmatec Service Base på Hareid. Foto: Ulmatec
Normand Maximus ved Ulmatec Service Base på Hareid. Foto: Ulmatec

Over fleire år har Ulmatec investert betydelege summar på utvikling av servicebasen. Bakgrunnen for satsinga handlar i stor grad om svært god lokalisering, med nærheita til havet og offshorefelta. Det handlar også om tilgangen på gunstig næringsareal i Hareid og moglegheita for tilrettelegging av fasilitetar for djupvasskai.


Posisjonerer seg som ein betydeleg leverandør


Ulmatec har dei siste åra bygd opp eit robust og godt servicetilbod for skip i alle størrelsar. Ulmatec Service Base på Hareid viser no kapasiteten ved å ta inn skip på størrelse med Nordman Maximus, i tillegg til å huse Hareids første skipsdåp på lang tid, då brønnbåten til Intership, Inter Atlantic fekk namnet sitt. På Mjølstadneset i Herøy Kommune har Ulmatec også utvikla eit servicetilbod, med kaianlegg for litt mindre båtar i kystflåten. Ulmatec er sterkt representerte på Mjølstadneset frå før, gjennom Ulmatec Skipsservice, med brei og sterk ekspertise innan motoroverhalingar, samt avdeling for tilverking av ulike materialer. Saman med resten av Ulmatec-familien har ein no eit komplett tilbod til kunden som besøker basen.


Utviklinga er ikkje over med dette.


Dette er eit tilbod i utvikling og Ulmatec ønskjer å posisjonere seg innan mobilisering og demobilisering av skip. I dette arbeidet ønskjer ein også samarbeid med andre bedrifter i regionen, slik at ein saman kan jobbe for å tiltrekkje seg fleire skip og på den måten skape meir arbeid og verdiskaping for regionen. Når eit skip ligg ved kai, genererer det nemleg mykje arbeid, ikkje berre til Ulmatec sine avdelingar, men også til mange andre bedrifter i og utanfor den maritime klynga.







0 kommentarer
bottom of page