top of page

Pressemelding: Cowork-veka // Hareid

  • christineerdal0
  • for 10 timer siden
  • 2 min lesing

Gratis arbeidsplass og jobbmoglegheiter i Hareid: Vekst i Hareid og Millennium Cowork inviterer til Cowork-veka // Hareid frå 11.–15. august


Millennium Cowork og Vekst i Hareid inviterer til Cowork-veka // Hareid – ei heil veke med gratis arbeidsplassar, nettverksbygging og innsikt i jobbmoglegheitene i Hareid. Arrangementet går av stabelen frå 11. til 15. august 2025, og finn stad i dei moderne lokala til Millennium Cowork midt i Hareid sentrum.


Tilbodet rettar seg mot studentar, heimekontorbrukarar, frilansarar og andre som ønskjer eit fagleg fellesskap og eit miljøskifte i arbeidskvardagen. Lokala er godt eigna for både konsentrert arbeid og uformell nettverksbygging.


– Dette er eit tilbod til studentar, folk som er heime på ferie på Sunnmøre og vil forlenge opphaldet sitt, eller til dei som vanlegvis jobbar frå heimekontor og ønsker eit miljøskifte. Vi håper at dette er tilbod som mange vil nytte seg av, seier Kim Lillebø frå Millennium Cowork og Christine Erdal frå Vekst i Hareid.


I tilknytning til Cowork-veka vert det onsdag 13. august arrangert Jobbmoglegheiter // Hareid, eit rekrutterings- og inspirasjonsarrangement med presentasjonar frå lokale bedrifter og speed dating med arbeidsgivarar. Dette er eit ope arrangement for alle, både studentar, jobbsøkarar og andre som er nysgjerrige på moglegheitene for å bu og jobbe i Hareid kommune.


-  Trass i kort planleggingstid har responsen frå næringslivet vore svært positiv. Lokale bedrifter har vist stort engasjement og støttar initiativet ved å stille opp og bidra til gjennomføringa. Her er målet å vise fram dei mange moglegheitene vi har her i Hareid. Vi trur dette vert ei veldig bra veke, med eit spennande høgdepunkt på onsdagen, seier arrangørane.


Påmelding: send e-post til kim@brakali.no for å booke plass i coworken. Hugs å spesifisere kva dagar du vil nytte deg av tilbodet.



 
 
 

Comments


bottom of page