top of page
Søk

Næringstreff 1. desember

Næringstreff er ein møteplass for næringslivet i Hareid og Hareid kommune. Vekst i Hareid arrangerer desse treffa med jamne mellomrom i samarbeid med kommunen og Hareid næringsforum. Førre veke arrangerte vi årets siste treff og fleire spennande saker stod på agendaen.



Næringstreffet starta som vanleg med litt mat og mingling. Dette er ein viktig del av det å skape ein møteplass og legge til rette for den uformelle praten mellem næringsaktørar og kommunen.


Hareid kommunen fekk starte programmet, og var utfordra på å seie noko om plan- og bygningslova som verktøy for næringsutvikling. Silja Øvrelid, som er einingsleiar for plan, byggesak og geodata i Hareid kommune heldt eit informativt innlegg om korleis dra nytte av dette lovverket, kommunal planstrategi og kommuneplan, som kommunens overordna styringsdokument. Hareid kommune er no inne i ein prosess med revidering av kommuneplanens areal- og samfunnsdel. Dette arbeidet vil setje kursen for vidare utvikling i åra framover.


Vidare orienterte prosjektleiar i Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen om siste nytt i prosjektet og gav nokon eksempel på aktivitetar eller prosjekt ein har jobba med desse to åra som hovudprosjektet har pågått. Ein har nyleg inngått avtalar med ti partnerbedrifter i Hareid, som skal stå for næringslivet sin del av finansieringa dei komande tre åra. Dette gjer dei på vegne av heile næringslivet i Hareid. Nyleg konstituerte ein også ny styringsgruppe og ein er derfor godt rigga for det vidare arbeidet i samarbeid med kommunen og det lokale næringslivet.


Styreleiar i Hareid næringsforum, Idar Flø fekk i oppgåve å seie litt om Hareid næringsforum si rolle. Hnf er ein medlemsorganisasjon som arbeider for medlemsbedriftene sine interesser. Dei har eit styre beståande av åtte styremedlemmar med roller frå ulike bedrifter i Hareid. Hnf er ein aktør som i mange næringsrelaterte saker kan gi råd, støtte og veiledning, og dei bidreg gjennom eigarskapet i Vekst i Hareid til å sette i gang aktivitetar som skaper vekst og næringsutvikling.


Kim Lillebø presenterte planene for Millennium i Hareid sentrum. Bygget, som tildelgare er kjent som Hamnesenteret, skal totalrenoverast det komande året, og vil bli ei fin vidareføring av arbeidet med oppgradering av sentrum. Bygget ligg sentralt i eit område som dei siste åra har vore i stor utvikling, rett ved både Tusenårsplassen og Hareid Helsehus. Innvendig skal bygget huse eit moderne og innovativt kontorfellesskap, der ulike bedrifter og aktørar kan leige kontorplass i ulike former. Det vil også innehalde moderne møteromsfasilitetar til ulike behov som ein kan leige. Eit slikt miljø har vi mangla i Hareid, og det er svært mange som ser fram til at dette prosjektet tek form.


Vidare var det Spenncon sin tur å presentere seg. Hans Røyset, regiondirektør i Spenncon Nordvest, fortalde om historia til Spenncon, som strekker seg nærmast 60 år tilbake i tid. I dag er Spenncon Hjørungavåg rundt 80 tilsette og omset for rundt 200 millionar i året. Lista over referanseprosjekt lokalt og i regionen for øvrig, er lang og imponerande, men dei kan også vise til spennande nasjonale prosjekt både nord og sør i landet. Morselskapet til Spenncon heiter Consalis, og er eit leiande europeisk industrikonsern representert i 28 land, med over 10.000 tilsette.


First Lego League er verdas største kunnskaps- og teknologikonsept for barn mellom 4-16 år. I november i år var 43 lag frå Ålesund, Giske, Sula, Hareid og Volda deltakarar i den regionale finalen i Ålesund. Nida Brandal presenterte Hareid ungdomskule sitt prosjekt med stort engasjement og entusiasme. Dei kontakta ulike bedrifter i Hareid for å få hjelp til å utforme oppgåver, men opplevde at få visst så mykje om FLL og kva dette innebar. Saman med Ann-Kathrin Røyset oppmoda dei næringslivet til å engasjere seg i denne konkurransen ved seinare anledningar med problemstillingar dei kan løyse, reklamemateriell og pengar til utstyr og stand.


Neste næringstreff blir i måneskiftet januar/februar. Då er tema næringsvennlig kommune.



0 kommentarer
bottom of page