top of page
Søk

Næringslivet går tungt inn i vidareføringa av Vekst i Hareid og fylkeskommunen doblar innsatsen

Oppdatert: 24. nov. 2022


Bak frå venstre: Bernt Brandal (representant frå Hareid kommune), Kai-Rune Bjørke (representant frå Hareid kommune), Terje Giskeødegård Balsnes (vara frå næringslivet), Alfred Øverland (observatør Innovasjon Norge), Pål-Andreas Alnes (representant frå næringslivet) Rad 2 frå venstre: Ragnhild Velsvik Berge (observatør frå Hareid kommune, Karl-Johan Bakken (styreleiar), Hege Karete Hamre (representant frå næringslivet), Olav Haug Vikebakk (representant frå næringslivet) Framme frå venstre: Julie Sundgot Andersen (prosjektleiar), May-Britt Roald (observatør Møre og Romsdal fylkeskommune). Kjetil Nesset var ikkje tilstades då biletet blei tatt.

Omstillingsprosjektet Vekst i Hareid, som er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Hareid næringsforum, har nyleg fått tilført meir midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Hareid kommune held fram sitt bidrag og no går 10 lokale bedrifter i Hareid inn med støtte for å sikre vidareføring og god forankring i næringslivet. Fylkeskommunen svarar med å doble sitt bidrag, og legg 2 millionar kroner inn i prosjektet det komande året. Samtidig har ein nyleg konstituert ei ny styringsgruppe med brei kompetanse frå næringsliv, politikk og kommune.

Vekst i Hareid har som hovudmål å bidra til eit styrka næringsliv og auka verdiskaping i bedriftene i Hareid. Prosjektet fokuserer på tilrettelegging for utvikling av eksisterande næringsliv, vere bindeleddet inn mot kommunen og verkemiddelapparatet, samt bidra til nyskaping gjennom støtte til nyetablering av bedrifter.


Vi jobbar for å skape fleire arbeidsplassar i Hareid, men vi brukar også mykje tid på å sikre dei arbeidsplassane vi allereie har, seier prosjektleiar Julie Sundgot Andersen. Vi har starta hovudprosjektet med å jobbe breitt, bygge eit godt fundament for samarbeid og skape møteplassar og gode relasjonar. Dette har danna ein solid grunnmur som vi no skal bygge vidare på, held Andersen fram.


Dei ti partnerbedriftene som no går inn i Vekst i Hareid, sikrar næringslivet sin del av finansieringa for tre år framover. Dette gjer dei på vegne av heile næringslivet. Vekst i Hareid forpliktar seg derfor ikkje til å drive aktivitet for desse bedriftene framfor nokon andre, og skal fortsette å vere eit uavhengig prosjekt for heile næringslivet i Hareid. Desse bedriftene representerer i stor grad dei største næringsaktørane i Hareid, som på mange måtar er motorane i næringslivet. Desse er alle opptekne av å bidra til vidare utvikling i Hareid, og då innanfor ulike felt og bransjar. At desse bedriftene går inn i prosjektet på denne måten er positivt, og signaliserer vilje og ønske om å bidra til vidare utvikling av næringslivet i Hareid.


Så langt i prosjektet har ein jobba mykje med tilretteleggande tiltak og etableringsbistand for enkeltbedrifter, samarbeid inn mot kommunen, samarbeid mellom skulane og næringslivet, tilrettelegging av næringsareal, samt vore ein pådrivar for å skape ein utviklingskultur både i kommunen, i bedriftene og blant innbyggarane i Hareid. Prosjektet svarar på dei målsettingane ein har sett så langt og har no sett seg nye mål om å til dømes sikre eller skape minst 200 arbeidsplassar dei komande tre åra. Styringsgruppa ønskjer samtidig at ein i det vidare arbeidet spissar innsatsen meir mot dei framtidsretta prosjekta, som skaper større endringar over tid. Det er viktig å sikre nye arbeidsplassar på kort sikt, samtidig som det er nødvendig å legge til rette for utvikling over lengre tid. Dette er i tråd med dei meir langsiktige føringane for eit konkurransedyktig næringsliv med utgangspunkt i vår region, og legg grunnlaget for dei målsettingane som prosjektet styrer mot i sin vidare aktivitet.

Skal vi klare å stimulere til prosjekt som skaper varig endring, må næringslivet tettare inn i prosjektet, seier styreleiar Karl-Johan Bakken. Han har vore med i prosjektet frå start av, i tillegg til å ha langt erfaring som næringslivsleiar. Bakken ser svært positivt på den utviklinga som ein har sett på Hareid dei siste åra. Ballen har starta å rulle, og vi brettar no opp armane for den vidare satsinga, avsluttar han.


Det nye styret består av Karl-Johan Bakken, Olav Haug Vikebakk, Hege Karete Hamre, Pål-Andreas Alnes, Bernt Brandal, Kjetil Nesset og Kai-Rune Bjørke. Vidare er Alfred Øverland frå Innovasjon Norge, May-Britt Roald frå Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunedirektør, Ragnhild Velsvik Berge observatørar i styret. I tillegg er Terje Giskeødegård Balsnes møtande vara.



0 kommentarer
bottom of page