top of page
Søk

Millionprosjekt til ressursoptimalisering ved industriområde i Hareid

Ressursoptimalisering for Risneset industriområde’ er eit forprosjekt med mål om auka samhandling og optimalisert bruk av ressursar for ei heilskapleg utvikling av industriområdet på veg mot nullutslepp. Denne veka informerte Møre og Romsdal fylkeskommune om at prosjektet får støtte frå Skaparkraft.



Dei tre næringsaktørane ved Risneset er svært fornøgde med prosjektet som er sett i gang. Frå venstre: Joar Brekke i Brekke & Kleppe Anlegg, Rune Hoddevik i Pelagia Liavåg og Hans Røyset i Spenncon Hjørungavåg.
Dei tre næringsaktørane ved Risneset er svært fornøgde med prosjektet som er sett i gang. Frå venstre: Joar Brekke i Brekke & Kleppe Anlegg, Rune Hoddevik i Pelagia Liavåg og Hans Røyset i Spenncon Hjørungavåg.

Risneset industriområde ligg i Hjørungavåg i Hareid kommune. Industriområdet ligg sentralt til i skipsleia og knyt saman havrom og fjord. Spenncon Hjørungavåg, Pelagia Liavåg og Brekke & Kleppe Anlegg er tre godt etablerte verksemder på industriområdet og viktige hjørnesteinsbedrifter i kommunen.


Prosjektet er eit resultat av eit arbeidsmøte om nullutslepp som samla næringsliv, kommunen, fylket, nettselskap og forsking tidlegare i år. Arbeidsmøtet, initiert av Spenncon, Vekst i Hareid og Greenstat Energy, skapte engasjement og entusiasme for moglegheitene som ligg i vidareutvikling av industriområdet. Det er eit felles ønskje blant aktørane om å legge til rette for lokale, grøne og framtidsretta arbeidsplassar som bidreg til bulyst for generasjonar framover.


Sirkularitet og industrielle symbiosar er viktige satsingsområder nasjonalt og i fylket


Ei sirkulær verdikjede er ein bedriftsmodell eller produksjonsprosess som er designa for å redusere avfall og negative miljøpåverknadar ved gjenbruk av materialar og ressursar. Målet er å skape ein meir berekraftig økonomi ved å forlenge produktet si levetid og redusere behovet for nye ressursar. Industriell symbiose kan ein oppnå gjennom at verksemder innafor eit geografisk avgrensa område samarbeider om bruk av ressursar.


Grønt industriløft som blei annonsert i regjeringa for eitt år sidan skal skape jobbar, auke eksport og kutte klimagassar. Møre og Romsdal fylkeskommune utlyste i april midlar gjennom ordninga Skaparkraft – Grøne industrielle løft, til prosjekt som bidreg til dei nasjonale måla. Det er denne ordninga Risneset industriområde, ved søkar Spenncon Hjørungavåg, no har fått støtte gjennom. Skaparkraft ved prosjektleiar Martin Ose seier at prosjektet sitt mål om å kartlegge og utvikle sirkulære verdikjeder på Risneset industriområde, med eit resultatmål om eit «vegkart for nullutslepp», er midt i målgruppa for denne støtteordninga. Prosjektet kan vere ein god start på vegen mot målet om ein industrielle symbiose for etablerte og nye aktørar på Risneset industriområde, og bidra til kompetanseheving på tvers av bransjar i regionen.


Vi trur det er potensiale for fleire samarbeid og sirkulære kretsar mellom verksemdene på Risneset industriområde, seier prosjektleiar Katrine Vestbøstad i Greenstat Energy. Innafor energiforsyning som er ein knappheitsressurs på området, kan betre utnytting og samhandling skape rom for omstilling, nyetableringar og utvidingar.

Lokal satsingsvilje og samarbeid


Samarbeid er essensielt for å lykkast med prosjektet og utover initiativtakarar Spenncon, Vekst i Hareid og Greenstat Energy, er Pelagia Liavåg, Brekke & Kleppe Anlegg, ÅKP ved NCE Blue Legasea og Sintef Manufacturing med i konsortiet.


Spenncon si leiing satsar på dette prosjektet og Spenncon Hjørungavåg er ein pilot i Spenncon si omstilling og mål om 70% utsleppsreduksjon innan 2030 og klimanøytralitet innan 2045. Det er ekstra gledeleg at fylkeskommunen ser potensiala i dette prosjektet og vil vere med på laget, seier Hans Røyset som er regionsjef Nordvest i Spenncon.


Samarbeidet mellom aktørane og initiativet Spenncon viser ved å sette i gang dette prosjektet ser prosjektleiar i Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen på som svært positivt. Slike initiativ er avgjerande for å få til ønska utvikling og sikre konkurransekrafta i næringslivet og vi er glade for at fylkeskommunen nyleg har løyvd midlar både til vidareføring av Vekst i Hareid og dette prosjektet, held ho fram. Det viser ei heilskapleg satsing på utvikling i Hareid.


Moglegheit for nasjonal og internasjonal effekt


Læring og deling av kunnskap står høgt på agendaen i prosjektet som skal gi auka industrikompetanse på sirkularitet og industrielle symbiosar på tvers av bransjar og inn mot fiskeri- og bygg- og anleggsbransjen. Effekten av prosjektet kan nå utover det lokale, til regionalt, nasjonalt og også internasjonalt gjennom konsern, marknader og eigarskap. Prosjektet og konsortiet er unikt i det at ulike bransjar og fagmiljø blir kopla saman på tvers av blå og grøn sektor.


Prosjektet samla denne veka aktørane til oppstartsmøte og kartlegging av ressurs- og materialstraumar. Eit vegkart mot nullutslepp er planlagt oppsummert innan året er omme.



Gruppa som skal jobbe med forprosjektet «Ressursoptimalisering for Risneset industriområde. Bakre rekke frå venstre: Hans Røyset (Spenncon), Joar Brekke (Brekke & Kleppe Anlegg), Knut Olav Høybakk (Spenncon), Kjell Alme (Spenncon), Lars Bjørn Teige (Pelagia Liavåg), Rune Hoddevik (Pelagia Liavåg), Julie Sundgot Andersen (Vekst i Hareid), Vegard Alme Ulstein (Spenncon)Fremste rekke frå venstre: Kathrine Kirkevaag (Mepex), Ragna Karoline Aasen (Spenncon), Liv-Hege Seglsten (Greenstat), Elisabeth Leite Skare (Spenncon), Katrine Vestbøstad (Greenstat). Ikkje tilstades på bildet: Håkon Raabe (Sintef Manufacturing),  Kjetil Trovik Midthun (Greensight), Runa Bårdsgård (Greensight), Karen Vanglo Tønnesen (Pelagia), Elise Sæle Dale (ÅKP). Foto: Spenncon
Gruppa som skal jobbe med forprosjektet «Ressursoptimalisering for Risneset industriområde. Bakre rekke frå venstre: Hans Røyset (Spenncon), Joar Brekke (Brekke & Kleppe Anlegg), Knut Olav Høybakk (Spenncon), Kjell Alme (Spenncon), Lars Bjørn Teige (Pelagia Liavåg), Rune Hoddevik (Pelagia Liavåg), Julie Sundgot Andersen (Vekst i Hareid), Vegard Alme Ulstein (Spenncon)Fremste rekke frå venstre: Kathrine Kirkevaag (Mepex), Ragna Karoline Aasen (Spenncon), Liv-Hege Seglsten (Greenstat), Elisabeth Leite Skare (Spenncon), Katrine Vestbøstad (Greenstat). Ikkje tilstades på bildet: Håkon Raabe (Sintef Manufacturing), Kjetil Trovik Midthun (Greensight), Runa Bårdsgård (Greensight), Karen Vanglo Tønnesen (Pelagia), Elise Sæle Dale (ÅKP). Foto: Spenncon


0 kommentarer
bottom of page