I desse dagar opnar Millennium Cowork og Millennium kafé, midt Hareid sentrum. Begge konsepta er det Lillebø-familien i Brakali som står bak. Dei bidreg med dette til å skape meir liv i sentrum, og fleire arbeidsplassar i kommunen.
- Vi har lyst til å skape noko som kan vere med på å sette preg på Hareid, og som vi kan sjå tilbake på seinare og vere stolte av. Her vil vi lage ein engasjerande møteplass, og ein inkluderande arbeidsplass. Målet er at Millennium skal vere eit levande hus som folk bruker, både i jobbsamanheng og privat, seier Kim Lillebø.
Til no har om lag ti bedrifter flytta inn, og den 25. januar var det open dag, der både næringsaktørar og andre kunne sjå seg rundt i bygget og få vite meir om kva Millennium kan tilby. Denne dagen var det også offisiell opning av dei nye kontora til Sparebanken Møre, med snorklipping av ordførar Bernt Brandal.
- Millennium-prosjektet er meir enn berre ei bygning – det er eit symbol på berekraft, gjenbruk og nytenking. Eg vil gratulere Hareid med eit nytt hjarte i sentrum!, seier ordføraren.
Millennium inneheld mykje forskjellig. I fyrsteetasje held kafeen og Sparebanken Møre til. I andre etasje finn ein konferanserommet Spirehagen. Dette kan også nyttast til selskapslokale for barnedåp, konfirmasjonar, og liknande. Vidare i andreetasje har Sparebank1 Regnskapshuset SMN flytta inn i flotte kontor, og Brakali Group har også basa si her.
I tredje etasje finn ein Millennium Cowork. Her kan ein leige kontorplass permanent, eller ein kan booke kontorplass for ein dag eller ein kortare periode. Det kjem snart til å vere mogleg å booke seg plass på nett, men ein skal også berre kunne dukke opp og sjekke kva som er ledig. Pr i dag er der 18 plassar i det opne kontorlandskapet som kan bookast, i tillegg til eit par cellekontor. Bookingsystemet vil etter planen vere oppe og gå mot slutten av februar.
- Vi trur dette vil vere eit godt tilbod for folk som sit mykje på heimekontor eller i ugunstige kontorfasilitetar. Her kan dei kome og sitje i eit meir sosialt miljø, seier Kim.
I tillegg til kontorplassar finn ein i den øvste etasjen også eit stort møterom som kan bookast, stillerom, og sosial sone.
Det neste punktet på programmet er opninga av kafeen den 11. februar kl 11.00. Millennium kafé kjem til å tilby frukostbuffet og lunsjmeny. På sikt er det også meininga at dei nokre dagar i veka skal tilby «dagens husmann», som vil vere eit middagstilbod i kafeen, og som overtidsmiddag til bedrifter.
- Vi gler oss veldig til å endeleg kunne opne dørene, og gjengen i kafeen har førebudd seg godt, seier Kim Lillebø.
Vekst i Hareid gratulerer med fullføringa av prosjektet, og ønsker lykke til med fortsettinga!
Bình luận