Søk

Kven er styret i Vekst i Hareid?

I denne serien vil vi presentere personane bak Vekst i Hareid. Her kan du lese om Kjetil Nesset som er medlem i styret med bakgrunn i sitt embete som leiar i Nærings- og miljøutvalet.

Foto: Nanseth Media

Kjetil har budd nesten heile livet på Hareid. Han er oppvaksen på indre Hareid og bur i dag på Hjørungavåg. Kjetil har lang og brei erfaring fra næringslivet på Sunnmøre der han gjennom 30 år har hatt ulike leiarroller i lokalt næringsliv.


Han starta si yrkeskarriere i Spenncon, først lokalt som fabrikksjef og regionsdirektør, og seinare i Spenncon konsernet der han var COO og ansvarlig for all drift av Spenncon sine 7 fabrikkar.


Sidan 2012 har Kjetil vore administrerande direktør i Vik Ørsta AS. Dei siste 2 åra har han også vore SVP i Saferoad konsernet med ansvar for 6 bedrifter innan forretningsområdet Poles & Masts i Europa. Kjetil er også engasjert i trafikksikkerheit og er styreleiar for TSF, trafikksikkerhetforeninga i Norge.


Kjetil er politisk engasjert og er i denne perioden leiar i Nærings- og Miljøutvalet i Hareid kommune. Dette utvalet gir overordna føringar for utviklingsarbeid innan samfunnsutvikling og innstiller i desse sakene til kommunestyret. Rolla til Kjetil er derfor eit viktig bidrag inn i styringsgruppa i Vekst i Hareid i kombinasjon med lokal forankring og kompetanse frå næringslivet.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle