top of page
Søk

Kven er styret i Vekst i Hareid?

I denne serien vil vi presentere personane bak Vekst i Hareid. Her kan du lese om Bjørn Kaldhol. Ein utflytta hareidsdøling med blytung kompetanse frå ulike roller i næringslivet.


Bjørn er oppvaksen i Kaldholen på Hareid og har mange gode barndomsminner frå Hareidlandet. Eit langt liv med mange ulike roller har ført Bjørn til Tromsø, der han bur i dag.


Bjørn har lang og brei erfaring frå ei rekkje ulike verv. Han har vore direktør for Studentsamskipnaden i Tromsø, Banksjef i Bergen Bank i Tromsø, Rådmann i Tromsø og Administrerande direktør i Troms Fylkes Dampskibsselskap, der han blant anna var med å starta reiselivutviklinga på Svalbard.


Vidare har Bjørn lang politisk erfaring både i Tromsø kommunestyre og Fylkestinget i Troms. Han har også hatt ei rekkje styreverv og vore styreleiar i blant anna GIEK, Universitetssykehuset i Nord-Norge, Helse Nord RHF og Dualog AS.


Denne kompetansen og erfaringa dreg Bjørn med seg inn i styret i Vekst i Hareid. I tillegg til til lokalkunnskapen Bjørn har til Hareid er dette svært viktige bidrag inn i styringsgruppa.

0 kommentarer
  • Facebook
  • Instagram
03 ViH_negativ.png
Rådhusplassen 5
6060 Hareid
+47 993 81 006
jsa@hareid.kommune.no
Organisasjonsnummer
964979278
Ansvarleg redaktør: Julie Sundgot Andersen
Nettsida er utforma av Nanseth Media
bottom of page