top of page
Søk

Kven er styret i Vekst i Hareid?

I denne serien vil vi presentere personane bak prosjektet, Vekst i Hareid. Her kan du lese om Eileen Hareide Brandal. Ei engasjert og sprudlande dame med lang kompetanse frå ulike roller i det lokale næringslivet.


Foto: Nanseth Media


Eileen har budd nesten heile livet på Hareid, nærmare bestemt i Eliasgarden. Her bur også mange av den nære slekta, og for alle desse er det viktig med eit levende Hareid med gode forhold både for unge og gamle, bedrifter og tilreisande.


Dei fleste av åra i arbeidslivet har Eileen jobba innan den maritime næringa, i ODIM som blant anna VP After Sales & Service, i Rolls Royce som VP Sales & Marketing, Global AS&S DMSS, i Kongsberg Evotec som SVP After Sales & Service og som Prosjektleiar på Kleven Verft då første Yacht’en vart bygd der.

Sidan 2016 har Eileen jobba som Salgssjef Retail innen Land Market i Jets Vacuum. Gjennom åra har ho vore engasjert i ulike organisasjoner og hatt styreverv i blant anna OmegaNor AS, Hareid Rotaryklubb og Lederforum Sunnmøre.


0 kommentarer
bottom of page