Søk

Kven er styret i Vekst i Hareid?

Oppdatert: 4. jun. 2021

I denne serien vil vi presentere personane bak prosjektet, Vekst i Hareid. Her kan du lese om ordførar Bernt Brandal som er medlem i styret med bakgrunn i sitt embete som ordførar.

Foto: Nanseth Media


Bernt er oppvaksen i Brandal der han også bur i dag. Med sterke røter i ishavsbygda, var det heilt naturleg for Bernt å dreive både fiske og selfangst i fleire år før han tok styrmannskule og fiskeriteknisk høgskule i Ålesund. Deretter gjekk vegen til NTH i Trondheim der han skreiv hovudoppgåve i prosjektering av fiskefartøy.


Etter ei periode i SINTEF var han fiskerisjef for Skagerakkysten og seinare daglig leiar og styremedlem i fiskeindustribedrifter og fiskebåtreiarlag. Han har også vore leiar i Hareid og Ulstein fiskarlag og er no styremedlem i Søre Sunnmøre fiskarlag. Bernt har hatt fleire styreverv i ulike selskap og organisasjonar opp gjennom åra.


Bernt har ei viktig rolle inn i Vekst i Hareid knytt til politisk forankring, men han har også ei lang erfaring frå næringslivet som er svært relevant i mykje av det arbeidet vi gjer.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle