Søk

Kven er styret i Vekst i Hareid?

Oppdatert: 4. jun. 2021

I denne serien vil vi presentere personane bak prosjektet, Vekst i Hareid. Først ut er vår eminente styreleiar, Karl-Johan Bakken.


Foto: Nanseth Media


Karl-Johan vaks opp på Hjørungavåg og fekk tidleg erfaring med skipsbyggingsmiljøet gjennom Hjørungavåg Verkstad. Etter gymnas og førstegongsteneste gjekk det strake vegen til Trondheim, NTH og Skipsteknisk avdeling.


Karl-Johan har lang internasjonal erfaring etter først 14 år i Ulstein Trading og Ulstein International. Han var i denne perioden tett knytta til rederi- og offshorekundar globalt, og hadde stillingar frå prosjektingeniør og skipsdesigner dei første åra til viseadm. og direktør i Ulstein Trading og Ulstein International. Vidare gjekk han over til rederi og 18 år med Farstad Shipping ASA. Først hadde han ansvar for marknad og drift i konsernet og deretter som konsernsjef frå 2006 og fram til fusjonen med Solstad i 2017.


Karl-Johan har gjennom åra brei erfaring med styrearbeid, først og fremst knytt til rederi-relaterte organisasjonar som Norges Rederiforbund og den internasjonale supplyskipsorganisasjonen ISOA, der han også sat som president ei periode. I det nære miljøet sat Karl-Johan i styret i ODIM i nokre år, og var ellers med i starten av Offshore Simulator Center og styret der i ei lang periode. I dag er han CEO i Remøy Shipping AS, i tillegg til at han sit i styret i mellom anna Norway Royal Salmon ASA.


Følg oss på Facebook og Instagram for presentasjon av resten av gjengen i Vekst i Hareid.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle