top of page
Søk

Kven er personane bak Vekst i Hareid?

I denne serien vil vi presentere personane bak Vekst i Hareid. I tillegg til dei 5 styremedlemmane har vi 5 observatørar som bidreg med ulik kompetanse inn i styringsgruppa. Les meir om Øyvind Tveten frå Møre og Romsdal fylkeskommune i denne artikkelen.



Øyvind er rådgivar på kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Der høyrer han til seksjonen for næringsutvikling, høgare utdanning og forsking. Arbeidsfeltet hans dekkjer mange ulike oppgåver, men største del av porteføljen er knytt til arbeid med å utvikle utdanningstilbodet i regionen i tråd med behova i arbeidslivet.


Med denne rolla bidreg Øyvind med erfaring og kompetanse frå fylkeskommunalt nivå inn i styringsgruppa. Øyvind har også erfaring frå liknande vekstprogram i andre kommunar i fylket og har derfor erfaring med kva som har fungert og kva som ikkje har fungert andre stadar. Dette er svært verdifulle innspel i arbeidet med Vekst i Hareid.

0 kommentarer
bottom of page