top of page
Søk

Intership riggar organisasjonen på Hareid for vekst

Denne veka var vi heldige å fekk besøke Intership på Hareid. Representantar frå kommune, politisk leiing, Hareid Næringsforum og Vekst i Hareid fekk innblikk i korleis historia om Intership starta og vi er overbevist om at fortsettelsen blir minst like spennande.




Det innovative brønnbåtrederiet er bygd opp på lokalt initiativ og kompetanse. Intership har utvikla seg til å bli ein betydeleg aktør innan brønnbåtmarknaden med snart 9 fartøy i drift, over store delar av verda. Dei opererer i eit marked som er sterkt veksande og veksten viser ikkje teikn til å avta.


Viktige suksesskriterier for Intership handlar om å drive flåten godt, med dei rette folka ombord, i ein marknad der personlege relasjonar og tillit er svært avgjerande. På denne måten sikrar dei svært lønsame kontrakter og kan vise til inntjening på linje med dei beste i bransjen.


Intership har fokusert på å bygge ein organisasjon på kontoret på Hareid med spissa kompetanse, som er rigga for vekst. Organisasjonen er bygd opp av lokale folk og selskapet er sterkt forankra i lokalsamfunnet og ønskjer å utvikle seg vidare på Hareid. Intership har i løpet av få år blitt eit betydeleg selskap i Hareid og utviklinga vidare blir veldig spennande å følge med på.


På spørsmål om kva kommunen kan bidra med for å legge til rette for vidare vekst på Hareid, svarar dagleg leiar, Ole Peter Brandal, at det er viktig for deira tilsette at Hareid er ei attraktiv kommune å bu. Nærheita til Ålesund er også viktig i rekrutteringssamanheng.

0 kommentarer
bottom of page