top of page
Søk

Her kjem Sunnmøres mest attraktive fjordhytter

PRESSEMELDING FRÅ NORWEGIAN FJORDS HOLIDAY AS 27.04.2023



Norwegian Fjords Holiday AS lanserer no Almestranda Fjordhytter, eit unikt fritidsbustadprosjekt på Sunnmøre, der dei skal føre opp moderne nøkkelferdige fritidsbustader. Med si sørvendte plassering og milde klima, er Almestranda ein ideell stad for eit aktivt friluftsliv året rundt. Fjellvandring, fiske, havkajakk, båtturar til Noregs vakraste fjordar, og turar til regionens flotte natur og attraksjonar er berre nokre av dei mange aktivitetane som er tilgjengeleg frå Almestranda.


Selskapet bak satsinga opplyser at dei har sett høge krav til estetikk, arkitektur og kvalitet. Utbygginga vil ta vare på den vakre naturen i området ved å minimere terrenginngrep. Med ein godt skjerma og idyllisk småbåthamn vil Almestranda Fjordhytter tilby eit unikt attraktivt maritimt miljø, i kombinasjon med moderne fritidsbustader av høg kvalitet.


Ordførar Bernt Brandal i Hareid Kommune uttalar: «Vi ser fram til etableringa av feriesenteret på Almestranda, og vi er sikre på at dette vil bidra til både auka busetjingstrivsel for innbyggjarane og positive næringsmessige ringverknader i kommunen.»


Styreleiar Ole Henning Fredriksen i Norwegian Fjords Holiday AS seier: «Vi er glade for å presentere dette unike prosjektet som gir moglegheit til å eige attraktive fjordhytter innanfor den elles så strengt regulerte strandsone. Etter å ha jobba eit heilt liv med utvikling av kvalitetsturisme blir ein selektiv med kva prosjekt ein går inn i, men Almestranda Fjordhytter inneheld alle kvalitetar som eit framtidsretta og berekraftig fritidsprosjekt bør innehalde».


Dagleg leiar og partner Jostein Storøy uttalar: «Som utflytta sunnmøring er det svært tilfredsstillande å få jobbe med eit kvalitetsprosjekt som dette i mine heimtrakter, og vi ønskjer å takke kommunen for deira positive haldning og bistand til utviklinga av prosjektet. Eg er òg glad for at Ole Henning Fredriksen vart med på prosjektet. Hans erfaring frå oppbygging av destinasjonshotellet Hamn på Senja er svært verdifull.»


Almestranda Fjordhytter er no lansert med Finn-annonsar, Facebook-side og biletegalleri på Instagram, og dei har òg lansert ein eigen heimeside for satsinga på norwegianfjordsholiday.no. Potensielle kjøparar kan no melde si interesse, og eit stort tal interessentar har allereie meldt seg, opplyser selskapet.


Selskapet har òg fått med seg den kjende meglarprofilen Tommy Sylte på lag, og gjennom Legal Eigedomsmekling har Sylte ansvar for sal av fjordhyttene.

Tommy Sylte seier: «Eg vart kontakta av Jostein Storøy som eg kjente til litt frå før. Han la fram planane og illustrasjonane av dette flotte prosjektet og eg vart fort interessert og lysten på å vite meir. Etter eit teamsmøte med gjengen i Norwegian Fjords Holiday, var eg ikkje i tvil om at denne reisa ville eg vere med på. Dette er ein profesjonell gjeng som veit kva dei styrer med og har sansen for kvalitet i produktet dei skal levere for kunden.

Vi har no «lufta» prosjektet ute i marknaden og fått berre positive tilbakemeldingar. So no gler vi oss til at prospektet blir ferdig og vi kan få realisert dette unike prosjektet ved sjøen på vakre Almestranda.»


Arcasa Arkitekter, som er velrennomert og eitt av Norges største arkitektbyrå, står bak arkitekturen til prosjektet. Kreativ lever i Arcasa – Frode Smørdal, som òg kjem frå Hareide, uttaler at: «Fjordhyttene vil framstå som eit einsarta flott prosjekt, tett på sjøen, og med panoramautsikt mot både fjorden og Vartdalsfjellene. Det er gjevande for oss som arkitektar å jobbe saman med utviklarar som både kjenner dei lokale forholda, og som er oppriktig opptatt av å bygge både identitet og kvalitet.»


Vekst i Hareid, som er eit samarbeidsprosjekt mellom næringslivet og kommunen i Hareid, er svært glade for satsinga til Norwegian Fjords Holiday i Almestranda. «Vi har med stor entusiasme følgt prosjektet heile vegen og er svært glade for at ein no kan lansere dette unike konseptet. Vi anser dette som ein viktig game changer for reiselivet både i Hareid og i regionen for øvrig, og det vil truleg vere utløysande for meir reiselivsutvikling i tida framover, seier prosjektleiar Julie Sundgot Andersen.»


Planen til selskapet er å starte opp med grunnarbeid og infrastruktur i haust, med målsetjing om at båthamn og dei første fjordhyttene skal stå klare sommaren 2024.

Selskapet har òg ambisjonar om å utvikle organisert overnatting, servering og aktivitetar med utgangspunkt i feriesenteret på Almestranda i seinare fasar av prosjektet.




0 kommentarer
bottom of page