Vekst i Hareid med ei nyheit som kan styrke lokal handel. No er Hareidskortet klart til bruk.
Hareidskortet er eit digitalt gåvekort som ein kjøper på nettet, og per i dag kan det brukast på 18 ulike butikkar og verksemder i Hareid kommune. Det er stor breidde i kvar ein kan bruke gåvekortet, der alt ifrå sauna til bilverkstad, klesbutikkar og kaféar er med, for å nemne nokre. Også frisørar, blomsterbutikkar og velværeverksemder tek imot Hareidskortet, og fleire verksemder er på veg inn i ordninga. Sjå https://www.vekstihareid.no/hareidskortet for fullstendig liste over brukarstadar.
Målet med Hareidskortet er at fleire oppdagar og nyttar seg av alle dei gode tilboda vi har her i kommunen, og håpet er at Hareidskortet vert å finne under mange juletre i år. Dette er ei gåve som er veldig enkel å kjøpe heime ifrå sofakroken, og ei gåve som også er veldig hyggeleg å få. Med Hareidskortet i lomma kan ein enkelt betale for varer og tenester hos per i dag 18 ulike verksemder i Hareid, noko som gir ein stor valfridom. Samstundes er det sjølvsagt eit stort pluss at ein er med på å bruke dei lokale butikkane og verksemdene vi har her i kommunen, og ein er dermed med på å bygge opp under lokal berekraft.
Det er svært enkelt å kjøpe Hareidskortet. Ein kjøper og betalar med kort eller vipps på nettet, og så får ein tilsendt gåvekortet på e-post. Då kan ein velje om ein vil skrive ut og legge kortet i konvolutt før ein gir det vekk, eller så kan ein enkelt sende gåvekortet på e-post til mottakaren. Perfekt dersom ein er seint ute med ei gåve!
Ordninga har vorte svært godt teke i mot av butikkgruppa i Hareid. Dei fleste butikkane er med, og for dei som ikkje er med handlar det ikkje om velvilje, men om den tekniske moglegheita til å ta imot gåvekortet. Dersom det er fleire verksemder som vil vere med på ordninga etter kvart, er det berre å ta kontakt.
Vekst i Hareid er initiativtakar til ordninga. Hovudmåla til Vekst i Hareid er å legge til rette for auka verdiskaping og sysselsetting i kommunen, og vi jobbar med mange ulike prosjekt knytt til dette. Hareidskortet er det nyaste skotet på stammen av prosjekt. Prosjektleiar Christine Erdal har sett fram til lanseringa av gåvekortet, og trur og håper dette vil verte ein kjempesuksess.
Hareidskortet kan kjøpast her: https://www.vekstihareid.no/hareidskortet
Comments