top of page
Søk

Hareid satsar på gründerar

Oppdatert: 18. mar. 2021

Hareid kommune, Vekst i Hareid, Landbrukskontoret og hoppid.no går inn eit samarbeid for å bidra til at fleire tek steget frå idé til kommersialisering. Vekst i Hareid har teke initiativ til å sette dette samarbeidet på dagsorden for å tydeleggjere det tilbodet som er i kommunen knytt til nyetablering av bedrifter.


Prosjektleiar i Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen fortel at Vekst i Hareid skal jobbe med tiltak for å ta vare på eksisterande bedrifter, men det er like viktig med tilrettelegging for ny aktivitet. Delar av næringsaktiviteten vi allereie har i kommunen i dag er eit resultat av såkalla «spinn-off» frå eksisterande aktivitet. Dette er noko av det som har stått sterkt i den maritime klynga i regionen her opp gjennom tidene. Vidare ser Andersen stort potensial i aktivitet i havromet. Gründerverksemd knytt til for eksempel havromsteknologi hadde passa svært godt inn i det Vekst i Hareid skal jobbe med.


Hareid kommune er med i den fylkeskommunale ordninga www.hoppid.no Denne ordninga er det Møre og Romsdal Fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal samt, Innovasjon Norge som står bak. Frå Hareid kommune si sida handlar dette samarbeidsprosjektet mykje om å kommunisere tilbodet ein har tilgjengeleg for gründerar på ein betre måte. Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Kai-Rune Bjørke og ordførar, Bernt Brandal er einige om at dette er viktig at Hareid tek tak i for å vise at ein ønskjer å satse på næringsutvikling.


Hoppid.no-ordninga fungerer som ei teneste for alle i Møre og Romsdal som har oppstartsplanar, og består av både rådgjeving men også tildeling av stønad for avklaring. Hoppid.no fingerer som èi dør inn mot verkemiddelapparatet og som ein døropnar for gode idéar. Robert Voldnes er Hareid kommune sin kontaktperson i denne ordninga. Han har teieplikt, er gratis å bruke som rådgjevar og ønskjer kontakt med fleire potensielle gründerar. Terskelen for å ta kontakt er svært låg og han tek gjerne ein heilt uformell prat.



Samarbeidet for å satse på gründerar i Hareid har resultert i at ein ønskjer å få til konkrete treffpunkt utover våren der gründerar kan kome i kontakt med verkemiddelapparatet. Den første samlinga blir allereie 4.februar kl 18.00. Då vil ein ta føre seg eit generelt tema som skal passe alle aktørar. Ein vil då få informasjon om hoppid.no si ordning og korleis vi kan hjelpe. Det same blir tema på samlinga 8. juni. For samlinga 25.mars vil ein ha eit meir spesifikt tema inn mot landbruk og potensiale som ligg i tilleggsnæring ut over tradisjonell gardsdrift. Landbrukssjef, Anne Kathrine Løberg fortel at Hareid har eit stort potensiale her. Dette kan til dømes vere næring knytt til å produksjon, vidareforedling, gardsturisme og så vidare. Her er det berre fantasien som set grenser.


For å delta på desse samlingane må ein melde seg på. Ein vil avgjere om terffa blir fysiske eller digitale når ein ser antal påmelde og smittesituasjonen på det gjeldande tidspunktet. Det er derfor viktig at ein tek kontakt og melder interesse så snart som råd.


For påmelding eller andre henvendelsar ta kontakt med prosjektleiar for Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen på epost jsa@hareid.kommune.no eller på teleforn 99 38 10 06.




0 kommentarer
bottom of page