top of page

Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre

  • christineerdal0
  • 12. nov.
  • 1 min lesing

Fredag 7. november gjekk Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre av stabelen for fyrste gong. Over 300 deltakarar var innom jobbmessa og over 31 bedrifter representert på stands.



Frå Hareid var Bauta Group, Norlandia Holstad, Hareid Group, Ulmatec og Libra representerte med eigen stand, og alle snakka med fleire aktuelle jobbsøkarar i løpet av dagen.


Fabelaktig Fredag er eit arrangement som bygger bru mellom arbeidssøkarar og arbeidslivet, og som løftar fram inkludering som ein nødvendig del av framtida sin rekrutteringsstrategi. Vekst i Hareid har vore med som arrangør, saman med resten av næringsforeiningane i NæSS, NAV, Furene og Fremtidslaben.

 
 
 

Kommentarer


bottom of page