Opplev Hareid kjenner på ei stor takknemlegheit overfor det store frivillige engasjementet som vi erfarer på Hareid. Vi ynskjer å takke frivillige, næringslivet, ulike organisasjonar og bygdefolket som stiller opp. Innsatsen deira er avgjerande for å skape bulyst og blilyst i Hareid.
Vekst i Hareid er representert i styret i Opplev Hareid og har vore med å bidra til organiseringa av dette arbeidet fordi næringsutvikling og bulyst heng svært tett saman. Skal næringslivet utvikle seg treng dei fleire tilsette. Det må derfor vere attraktivt både å drive næring og bu i Hareid. Opplev Hareid fekk tidlegare i år ny organisering og eit nytt styre. Visjonen til styret er å støtte utvikling av eit breitt tilbod av opplevingar og aktivitetar i Hareid kommune. Styret kan allereie no sjå tilbake på mange flotte arrangement.
Gjennom heile sommaren har det vore aktivitetar i Hareid sentrum kvar laurdag. Vi kan nemne organisasjonen Aktivitetsgate som gjennomførte nysatsinga olabilløp og MC-treff. Det har også vore minikonsertar, kunstutstilling, turnoppvisning, golfaktivitetar, kake- og loddsal på laurdagane. Arrangementa har trekt mange til sentrum og skapt mykje aktivitet – akkurat som vi håpa på. Vi sender ei stor takk til alle som har bidrege!
Også festivalen på Hareid har fått ny organisering og nytt namn -Seinsommarfest. Seinsommarfest-gjengen skapte ei fantastisk helg, med veldig variert program. Om lag 3500 publikum var innom festivalområdet og fekk oppleve Hareid på sitt beste!
Opplev Hareid ynskjer særleg å trekke fram Barnefestivalen under Seinsommarfest. Den samla om lag 2000 publikum i parken. Sola skein i kapp med borna som fekk vere med på kjekke aktivitetar som hoppeslott, ansiktsmaling, kunstutstilling, og prøve seg på turnmatta. Både klovn og ekte vikingar var på besøk og ei spanande, rykande fersk vikinghistorie vart lest av sjølvaste ordføraren. Høgdepunkta var besøk av Fantorangen frå NRK-Super, Tare og Bjørnis. Mange små fekk treffe superheltane sine denne dagen, og det var berre store smil å sjå!
Seinsommarfest kunne elles by på konsertar, gaming, quiz, kunstutstilling, Cars & Coffee, Polarstar, politikardebatt, og historisk UKM-festival. Styret i Opplev Hareid ynskjer å rette ei stor takk til både arrangørar, sponsorar, frivillige, og ikkje minst eit fantastisk publikum som bidrog til at Seinsommarfest vart ein suksess.
Takka vere stor innsats frå alle frivillige, Aktivitetsgata og Seinsommarfest kan vi glede oss til mange arrangement framover. Første helga i advent blir det adventsmarknad i Miljøgata, og nissen har lova å kome i år også. Også Seinsommarfest er i full gang med planlegging av neste års festival som blir helga 9-11.august 2024.
Det er berre å glede seg til mange kjekke arrangement framover! Vi er overbevist om at gode arrangement er viktige bidrag til å gjere Hareid til ein attraktiv stad å bu og virke – og også besøke. Det bidreg til å skape samhald, engasjement, identitet og ei stoltheit til bygda vår.
Comments