top of page
Søk

Sosial berekraft - ein nøkkel for framtida?

Under innovasjonscampen på Hareid ungdomskule denne veka har det kome mange kreative og innovative løysingar på bedriftene sine problemstillingar. Gruppa som satsa på sosial berekraft drog det lengste strået og stakk av med sigeren og hovudpremien på 6000 kroner.


Bilete av gruppa som vann innovasjonscampen
Gruppa som fekk førsteplassen løyste oppgåva på ein imponerande måte.

For ei flott veke dette har vore på Hareid ungdomsskule! Innovasjonscampen starta førre torsdag, og i ei heil veke har elevane ved 10. trinn jobba med å løyse oppgåver frå Hareid Group, Dimo, Intership og Hareid kommune.


Siste dagen presenterte elevane løysingane sine for ein jury, som bestod av representantar frå Sparebanken Møre, Island Offshore, Ungt Entreprenørskap, Vekst i Hareid, Ulstein vidaregåande skule og ordføraren i Hareid. Juryen lot seg begeistre av dei gode presentasjonane til elevane og fekk ei svært vanskeleg oppgåve med å kåre vinnarane.


Veka vart avslutta med ein flott fest for elevar, foreldre, lærarar og bedriftene, der ordføraren delte ut premiar sponsa av bedriftene og Hareid kommune. Heile 16.000 kroner låg i premiepotten og vart fordelt på 4 heldige grupper. Sparebaken Møre stod for størst delen av premiepotten. Resten var det bedriftene og kommunen som stod for. Spenninga og forventningane i salen var til å ta og føle på.


Alle er vinnarer!


Alle som har delteke og framført arbeidet sitt denne veka har imponert kvar på sin måte, og for mange er det å stå på ei scene ei stor bragd i seg sjølv. I tillegg til å lære mykje om bedriftene og kommunen, lærer elevane også mykje om seg sjølv og det å skulle samarbeide som gruppe. Dei er derfor alle vinnarar denne veka, men det var likevel 4 grupper som utmerka seg spesielt. Det blei derfor delt ut ein første- og ein andrepremie, samt to tredjepremiar denne kvelden.


Draumeungdomskulen passar for alle!


Gruppa som trekte det lengste strået hadde oppgåva frå Hareid kommune der dei skulle designe sin draumeungdomsskule. Gruppa viste svært god kompetanse på det dei leverte. Dei hadde god visualisering av løysinga si og ein gjennomtenkt plan. Dei viste til mange nytenkjande moment, som er både nyttige og moglege å gjennomføre.


Gruppa utmerka seg spesielt fordi dei har skjønt verdien av å ta sosial berekraft på alvor. Dei tok opp sentrale samfunnsutfordingar som skulevegring og utanforskap, og la til rette for enkle løysingar som kan betre skulekvardagen for mange. Hovudgrunnen for at denne gruppa stikk av med sigeren var fordi dei kom med løysingar som fokuserte på å skape eit inkluderande samfunn der alle skal trivast. Rett og slett imponerande!


Stolte Hareidsdølar!


Dette er andre gong ein gjennomfører innovasjonscamp i Hareid og dette programmet er eit av dei mange aktivitetane som ligg til prosjektet Samarbeid læring - næring. Dette er eit prosjekt som skal bu elevane på framtidig yrkesval og vise dei moglegheitene som fins i lokalt næringsliv. For kvar aktivitet som blir gjennomført blir vi alle litt stoltare av å vere heimehøyrande i Hareid!



0 kommentarer

Yorumlar


bottom of page