top of page
Søk

Opningsfest på Mjøl og Meir

I dag opna Mjøl og Meir bakeriutsal i Kjøpmannsgata på Hareid. Opninga blei markert med song, mange fine ord, snorklipping og mykje godt bakverk.



Då var endelig dagen her! Mjøl og Meir opna dørene i lokala på Hareid. Dette er eit sårt etterlengta tilbod til innbyggarane i kommunen som både ønskjer ferskt bakverk og ein stad å treffast.


Opninga av bakeriutsal er eit resultat av eit samarbeid mellom Hareid kommune og Ulstein kommune, Ulshav og NAV. Dette betyr nemleg mykje meir enn godt bakverk og ein møteplass for innbyggarane. Med denne etableringa vil ein få tilført fleire nye arbeidsplassar i tillegg til tiltaksplassar til personar som har behov for tilrettelagde arbeidsplassar. Dette er svært positivt for Hareid.


Vekst i Hareid har samarbeida tett med aktørane i Ulshav i lang tid og vore ein tilretteleggar i etableringsfasen. At Mjøl og Meir no etablerer seg i lokaler i Kjøpmannsagata er ein viktig del av eit strategisk arbeid. At det tidlegare har vore bakeri i desse lokala gir også denne etableringa ein ekstra dimensjon. Vi ropar høgt HURRA for denne etableringa og ser fram til vidare samarbeid med Mjøl og Meir.





0 kommentarer

Comments


bottom of page