top of page
Søk

Landbruksretta gründerverksemd

Som ein del av gründersatsinga i Hareid gjennomførte Vekst i Hareid denne veka digitalt gründertreff med tema landbruk. 17 påmelde deltakarar fekk informasjon frå eit dyktig apparat som ønskjer å bidra til å realisere deira idè eller prosjekt.

I Hareid kommune har vi 20 gardsbruk i drift. Av desse har vi eitt mjølkebruk som produserer meireiprodukt til vel 2.000 personar i året, 6 storfeprodusentar og 9 sauebruk som til saman leverer kjøtvarer til 1.000 personar per år og 2 hønseri. Dette er ganske imponerande, men samtidig er det stort potensiale for meir. Per i dag har Hareid totalt ca. 1.000 dekar jordbruksareal som det ikkje er drift på. I dette ligg det store moglegheiter. Dette treng ikkje nødvendigvis å vere knytt til tradisjonelt landbruk, men det kan også ligge potensiale i eigedomen knytt til andre næringar.


Robert Voldnes som er seniorrådgjevar i Åkp fortalde om hoppid.no ordninga som inneber både veiledning og moglegheit til å søke avklaringsmidlar. Robert har lange erfaring med å veilede gründerar og bidra med dei gode spørsmåla som kan gjere ein idé enda betre.


Vidare fortalde Anne-Kathrine Løberg som er avdelingsleiar på landbrukskontoret om meir spesifikke ordningar inn mot landbruksretta gründerverksemd. Ho lista opp mange eksempel på idéar knytt til tilleggsnæringar inn mot landbruket som kan skape meirverdi. Dette kan til dømes handle om foredling, møteplassar, kulturaktivitetar, undervisning, turisme eller aktivitet inn mot helse.


Både Robert og Anne-Kathrine fungerer som bindeledd inn mot verkemiddelapparatet og dei tilskuddsordningane som det er mogleg å søkje på. Dette kan for mange verke som ein jungel å orientere seg i. I tillegg har landbrukskontoret god kjennskap til lovverket. Dei som går med ein idé eller ein tanke om å utvikle noko må derfor ikkje nøle med å kontakte ein av desse to. Dei er til for å hjelpe akkurat deg!


0 kommentarer

Commentaires


bottom of page