Søk

Kven er personane bak Vekst i Hareid?

I denne serien vil vi presentere personane bak Vekst i Hareid. I tillegg til dei 5 styremedlemmane har vi 5 observatørar som bidreg med ulik kompetanse inn i styringsgruppa. Les meir om kommunalsjef samfunnsutvikling, Kai-Rune Bjørke i denne artikkelen.


Foto: Nanseth Media

Kai-Rune er kommunalsjef for sektor for Samfunnsutvikling i Hareid kommune. I sektoren er det mange ulike ansvar og arbeidsoppgåver, men i høve Vekst i Hareid sitt oppdrag bistår Kai-Rune med plan- og infrastrukturkompetanse. Kai-Rune koordinerer også hjelpemiddelapparatet som t.d. næringsfondet.


I rolla som kommunalsjef har Kai-Rune ei viktig rolle som samarbeidspartner med næringslivet og då gjennom å skape gode relasjonar og samarbeidsformer som bidreg til næringsutvikling og nye arbeidsplassar. Formelt ligg Vekst i Hareid i sektoren og Kai-Rune har delansvar for rapportering og økonomi, samt personalansvar.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle