Søk

Frokostmøte med Hareid sentrum som tema

Førre veka arrangerte Vekst i Hareid frokostmøte for butikkgruppa i Hareid. Flesteparten av dei 23 butikkane var representert og det blei drøfta ulike saker som opptek handelsgruppa.


Ei av sakene var Opplev Hareid aktivitetslaurdagar, som har gått gjennom heile sommaren. Det var stor einigheit om at dette har vore ein stor suksess, som butikkane gjerne vil skal gjentakast ved sinare høve. Ein såg likevel nokon utfordringar undervegs i gjennomføringa som gjer at ein skal jobbe vidare med å opprette ei sentrumsforreining som kan stå for liknande arrangement sinare, samt samkøyre aktiviteten i sentrum. Denne gruppa ønsker ein skal bestå av aktørar frå butikkane, Hareid kommune, Hareid næringsforum og frivillige lag og organisasjonar. Vekst i Hareid kjem til å vere med i ei startfase for å sette aktiviteten igang og kome med innspel.


Vidare ønsker butikkane eit samarbeid inn mot julehandel og skilting i sentrum som kan synleggjere butikkane vi har i Hareid på ein betre måte. Med det nye Helsehuset og funksjonane det har, ser ein mykje nye folk i Hareid frå andre kommunar som ikkje er kjent i Hareid. Etter ei runde rundt i sentrum er dei positivt overraska over alle dei flotte butikkane som er i Hareid, som dei kanskje ikkje visste om. Skilting av ei butikkoversikt på strategiske plassar i sentrum vil truleg gjere fleire oppmerksomme på dette.


Hovudtema for møtet var likevel gravearbeid og vidare framdrift på ferdigstilling i Hareid sentrum. Hareid kommune presenterte planane og skissene som er lagt og prøvde, så langt det er mulig, å seie noko om framdrift og vidare tankar. Mange engasjerte innspel blei løfta fram og alle er svært positive til resultatet av lang tids graving som ein no skimtar. At gatelys og julelys kjem på plass til rett tid, og ferdigstilling av Tusenårsplassen til neste sommar, gir eit enormt løft og skaper engasjement i butikkgruppa til å vere med på å skape eit levande sentrum i tida framover.


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle