top of page
Søk

Dimo satsar stort på Hareid

Dimo AS satsar stort og vel Hareid som lokasjon for vidare utvikling. Beliggenheita og miljøet i næringslivet i Hareid har vore viktige faktorar bak valet.


Dimo sitt nye næringsbygg på Hareid.
Bildet viser den eksisterande bygningsmassen til venstre og det nye bygget til høgre. Foto: Sporstøl Arkitekter AS

Dimo har opplevd ei enorm utvikling sidan selskapet starta opp og markerer seg i toppen blant Noregs raskast veksande selskap. Tala og resultata selskapet kan vise til er svært imponerande. Vidare vekst vil ikkje vere mulig i dei lokala som bedrifta er i no. Dimo har derfor sett på ulike løysingar for korleis legge til rette for utvikling framover.


Dagleg leiar, Stian Garnes, rosar Hareidsmiljøet og drivkrafta i alt som skjer rundt næringsutvikling i Hareid, som viktige faktorar for at ein vel å satse vidare på lokasjonen Hareid. Dette er definitivt ikkje den enklast og billegaste løysinga, men ein vel Hareid fordi det rett og slett er den beste løysinga for framtida. Her er ein midt i smørauget med enkel tilgang til både Ålesund og Søre Sunnmøre. Dette vil forenkle logistikkprosessar og ikkje minst gi tilgang til ein større arbeidsmarknad.


Politisk vilje til å snu seg raskt rundt og eit godt samarbeid med kommunen har vore avgjerande for å få dette til. Tett samarbeid og dialog heile vegen er svært viktig i ein slik prosess. Dette viser næringslivet at ein er villig til å satse og legge til rette for å skape fleire arbeidsplassar. Satsinga til Dimo er eit svært godt døme på nettopp dette.


Det 2000 kvm store nybygget som Dimo skal sette opp vil romme lager- og servicehall i tillegg til fleire kontor og ny kantine. Samlokalisering av aktiviteten i Saunesmarka vil føre til at 15 arbeidsplassar blir flytta til Hareid. I tillegg søker Dimo i desse dagar etter 5 nye tilsette i ulike stillingar. Nybygget på Hareid gir vidare arbeid til fleire lokale bedrifter, som til dømes HS Rise og Brekke og Kleppe Anlegg. Ringverknadane dette får for andre i lokalmiljøet er derfor betydelege og viktige for å bygge eit enda sterkare miljø rundt næringsutvikling i Hareid.



0 kommentarer

コメント


bottom of page