Førre helg markerte Dimo den offisielle opninga av sin nye lager- og servicehall på Hareid. Beliggenheita og miljøet i næringslivet i Hareid har vore viktige faktorar bak valet om å satse vidare i Hareid.
Dimo har opplevd ei enorm utvikling sidan selskapet starta opp og markerer seg i toppen blant Noregs raskast veksande selskap. Tala og resultata selskapet kan vise til er svært imponerande. No har Dimo rigga seg for vidare utvikling, med ein 2300 kvadratmeter stor hall som skal sikre vidare vekst på Hareid.
Dagleg leiar, Stian Garnes, rosar Hareidsmiljøet og drivkrafta i alt som skjer rundt næringsutvikling i Hareid, som viktige faktorar for at ein vel å satse vidare på lokasjonen på Hareid. Dette er definitivt ikkje den enklast og billegaste løysinga, men ein vel Hareid fordi det rett og slett er den beste løysinga for framtida. Her er ein midt i smørauget med enkel tilgang til både Ålesund og Søre Sunnmøre. Dette vil forenkle logistikkprosessar og ikkje minst gi tilgang til ein større arbeidsmarknad.
Politisk vilje til å snu seg raskt rundt og eit godt samarbeid med kommunen har vore avgjerande for å få dette til. Tett samarbeid og dialog heile vegen er svært viktig i ein slik prosess. Dette viser næringslivet at ein er villig til å satse og legge til rette for å skape fleire arbeidsplassar. Satsinga til Dimo er eit svært godt døme på nettopp dette.
Med sine 2300 kvadratmeter rommar nybygget både servicesenter, lager, kantine og kontorlokale. Med dette samlar Dimo sine vel 50 tilsette på Hareid og fredag førre veke inviterte dei gjestar til ein storslått opningsfest. Samarbeidspartnerane Danfoss, Parker, HS.Marine og Corrosion var alle til stades og presenterte seg. I tillegg demonstrerte dei ulikt utstyr i den nye hallen. Det heile vart avslutta med tapas servert av Kokk’n Roll og flott underhaldning.
Laurdag inviterte Dimo til open hall. Dette var ein dag der folk fekk kome å sjå – med bollar, brus, mat, drikke og dart-konkurranse. Det var stort oppmøte med små og store som var nysgjerrige på å sjå den nye hallen. At så mange møte opp viser at det er stor interesse i den aktiviteten næringslivet set i gang på Hareid.
Comments