For nokon veker sidan hadde vi verdenspremiere på filmen om næringslivet i Hareid i dei flotte lokala til biblioteket på Hareid. Det er ikkje kvar dag ein får gå på raud løpar i Hareid, men med ein så flott film måtte vi gjere litt ekstra stas på dei frammøtte.
Filmen om næringslivet i Hareid.
No veit ikkje eg korleis dei brukar å gjere det under filmpremiere i Cannes eller andre stadar, men her på Hareid lika vi å lage litt styr ut av det. Dette innleia prosjektleiar i Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen med på premierefesten for nokon veker sidan. På festen var representantar frå bedriftene, politikarar og innbyggarar samla for å gjere litt ekstra stas på denne begivenheita.
Vi skal ta vare på dei bedriftene vi har
Vekst i Hareid skal legge til rette for nyetablering og tiltrekke oss nye bedrifter som kan skape fleire arbeidsplassar i Hareid kommune, men vi skal også ha høg fokus på å ivareta dei bedriftene og arbeidsplassane vi allereie har her. Vidareutvikling av dei framoverlente bedriftene våre med djupe røter, som daglig utviklar seg og gjer små eller store nyvinningar, er kanskje vel så viktig som nyetableringar.
Kva moglegheiter fins i næringslivet på Hareid?
Når Julie starta som prosjektleiar for to år sidan og skulle begynne å framsnakke bedriftene våre i ulike samanhengar, opplevde ho stor mangel på kunnskap rundt kva næringslivet på Hareid faktisk driv på med. "Dette kan eg på mange måtar godt forstå. Det er nemleg i mange samanhengar komplekse produkt, operasjonar eller marknader å forstå. Men vi kan likevel ikkje akseptere at det skal vere slik. Skal vi få folk til å flytte tilbake til Hareid eller ønske å jobbe i Hareid må vi auke kunnskapsnivået rundt kva moglegeheiter som faktisk fins her. Tilgang på nok kompetent arbeidskraft er grunnleggande for at bedriftene våre skal fortsette å utvikle seg og hevde seg i konkurransebildet, seier ho.
Denne filmen er eit eksempel på korleis vi skal jobbe med dette. Sjølv om denne filmen berre skarpar i overflata på kvar enkelt bedrift så har hovudmålet her vore å skape noko som viser breidda og mangfaldet i eit svært spennande næringsliv. Vi har også mange fleire bedrifter enn dei som er med i filmen, men målet har vore å bruke dei største innanfor kvar bransje eller kvart fagområde som representerer resten.
Det beste av det beste
Nanset Media som har laga denne filmen fekk eigentleg ei nesten umulig oppgåve. Med alle bedriftene som skulle med har det blitt svært mange lokasjonar å filme og mykje råmateriale som skulle komprimerast ned til ein film på 5 minutt. I tillegg skal det settast saman til noko heilheitleg, med ein raud tråd som fortel den historia vi ønskjer å fortelje. Camilla Kleppe Nanseth har lagt ned utallege timar med tankevirksomheit som ikkje viser igjen i eit prosjektrekneskap. Men slik blir det når du skyt høgt og sei du skal lage ditt beste produkt nokon gong. Det meiner vi i Vekst i Hareid at ho verkeleg har klart!!
Filmen har til no hatt tusenvis av visningar i sosiale medier og fleire har allereie brukt den i mange samanhengar. Vi har eit stor ønske om at denne filmen skal bli brukt mest mogleg slik at vi når ut med bodskapen om eit fantastisk imponerande og allsidig næringsliv til flest mogleg. Dette skal vi ta vare på, vere stolte av, snakke fram og vidareutvikle. Om du ikkje har sett den enda kan du klikke på linken nedanfor og nyte fem minutt med god Hareidsreklame. Og du, ver gjerne med å sprei denne vidare slik at fleire får sjå den.
Comments