I samarbeid med NHO, Mafoss og Ulstein Næringsforum blei det denne veka arrangert næringspolitisk dag på søre Sunnmøre, der fylkespolitikarar og sitjande ordførarar fekk eit innblikk i næringslivet i regionen og dei utfordringane ein står ovenfor. For Hareid starta dette med lunsj på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal, etterfulgt av bedriftspresentasjonar og gode diskusjonar.
Bedriftene som heldt presentasjonar til politikarane representerte eit utval føretak som ikkje nødvendigvis viser heile breidda i næringslivet på Hareid, men som likevel opererer innanfor ulike segment og marked. Tilsaman står dei for ein stor andel av omsetninga i privat næringsliv og for ein betydeleg andel i antal sysselsette i kommunen. Dei er på kvar sin måte viktige motorar i næringslivet i kommunen.
Eit anna fellestrekk for desse bedriftene er at dei har blitt svært gode på omstilling. Utfordringane har stått i kø dei seinare åra og bedriftene har vist imponerande evne til å snu seg rundt å finne løysingar. Nokon av bedriftene leverer faktisk sitt beste resultat nokon gong, til tross for desse utfordringane. Eit eksempel på dette er Jets Vaccum, som var første bedrift til å presentere seg. Øyvind Tørlen fortalde om dei gode resultata bedrifta leverer og kunne avsløre at prognosene for inneverande år ogsåser lovande ut. Jets oppsto som eit resultat av eit behov innanfor den maritime klynga. Ein stor del av verksemda er framleis retta mot det maritime segmentet, men også landsegmentet og ettermarknad får stadig større betydning for selskapet. Vassressursen er viktig i konseptet til Jets og bedrifta har stor tru på at viktigheita av denne ressursen vil bli enda større i framtida.
På spørsmål om korleis politikarane kan bidra med å legge til rette for utvikling i næringslivet, svarde Tørlen at ein må jobbe meir målretta med å gjere regionen vår attraktiv å bu i. Då må også infrastrukturen fungere godt slik at vi får ein enda meir kraftfull og attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion.
Ei anna bedrift som har oppstått som eit resultat av den maritime klynga, er Dimo. Bedrifta her ein del kortare fartstid enn Jets, men kan likevel vise til imponerande resultat. Dette har ført til at Dimo ved fleire høve har fått tittelen årets gaselle. Asbjørn Pilskog kunne fortelje at bedrifta er bygt opp på hydraulikkkompetanse og jobbar tett saman med kundane sine for å utvikle produkt som løyser kunden sine utfordringar. Dimo satsar stort med bygging av ny servicehall på Hareid. Med denne hallen er dei rigga for framtida og for vekst innanfor servicesegmentet. Asbjørn løfta spesielt fram grunnrenteskatten for oppdrettsnæringa og korleis innføring av denne har ført til ei stor mengde kanselleringar for bedrifta. Det får store konsekvensar.
Ulmatec har lang fartstid med ei historie som strekker seg tilbake til Ulstein Mekanisk Verkstad i 1917. Ulmatec-konsernet vart etablert i år 2000, og har som mål å levere løysingar i verdensklasse til sine kundar. Håvard Myrene kunne fortelje at bedrifta i deg er etablert med eit sterkt fotfeste i Hareid og har store utviklingsplanar for denne lokasjonen. Han la serk vekt på å formidle viktigheita av stabile rammevilkår til politikarane. Dette gjeld både skattepolitikk, men også når det kjem til finansiering, risikoavlastning og krav til eigenkapital for bedriftene. Håvard stilte også spørsmål til politikarane om dei syns at lokaldemokratiet fungerer slik det skal. Basert på eigne erfaringar i utviklinga av lokasjonane til Ulmatec, har dei ved fleire høve opplevd at rigide regelverk gjer lokale saksbehandlarar nærmast handlingslamma. Dette opplever han som eit stort hinder for utvikling.
Siste bedrift ut var Hareid Group. Hareid Group har lang historie og fartstid i Hareid. Bedrifta er den største private bedrifta i Hareid både med tanke på antal tilsette og i omsetning. Øyvind Halkjelsvik kunne fortelje at for dei har lokalt eigarskap vore avgjerande for at dei framleis eksisterer. Bedrifta har vore gjennom utfordrande år og dei har jobba mykje med stabilisering, kontroll og profesjonalisering dei seinare åra. No er dei godt rigga for ein kontrollert vekst. Øyvind er likevel uroa for dei langsiktige konsekvensane av endra rammevilkår og korleis dette vil påverke næringslivet generelt. Vi treng ein forutsigbar skatte- og næringspolitikk, ei heilheitleg tilnærming til det grøne skiftet og gode lokalsamfunn slik at vi får tak i arbeidskrafta vi treng, uttalte han. Han nytta også sjansen til å skryte av utviklinga i Hareid og samarbeidet mellom næringslivet og kommunen, og anbefalte fleire å sjå å lære av dette.
Engasjementet under samlinga var stort og politikarane var ivrige etter å stille spørsmål til bedriftene. Det dei ikkje rakk å få avklart før samlinga var over, avtalte dei å ta igjen med ein telefonsamtale i ettertid. Etter ei runde i bedrifter i Ulsteinvik avslutta den næringspolitiske dagen på søre Sunnmøre med ope folkemøte og debatt på biblioteket i Ulsteinvik.
Comments