I denne serien vil vi presentere personane bak Vekst i Hareid. I tillegg til dei 5 styremedlemmane har vi 5 observatørar som bidreg med ulik kompetanse inn i styringsgruppa. Les meir om kommunedirektøren i Hareid, Ragnhild Velsvik Berge i denne artikkelen.
Ragnhild har vore kommunedirektør i Hareid kommune frå 2016. Ho har sin bakgrunn frå helsevesenet, og hatt ulike leiarstillingar her sidan 1990. Ho har vidareutdanning i helse- og sosialadministrasjon og pedagogisk rettleiing. Vidare på masternivå regional planlegging og utvikling, offentleg organisering og leiing, samt utviklingsarbeid og prosessleiing. Ho har erfaring som lagrettemedlem/meddommmar i straffesaker og tvisemål, og frå ei rekkje råd og utval som Fagrådet for sjukepleieutdanninga ved NTNU, helsefagleg ressursgruppe Helse Midt/KS, Overordna samhandlingsutval Helse Møre og Romsdal og Samarbeidsrådet for Helseplattformen.
Særleg interessant i denne samanhengen er deltakinga i Strategisk råd for innovasjon og forskning der ho representerer det nasjonale kommunedirektørutvalet i eit tre-årig KS-prosjekt. Her har Kommunenes Sentralforbund – KS etablert ei innovativ satsing for å få til radikal innovasjon med utgangspunkt i kommunesektoren sine behov. Eit innovasjonsarbeid som er for stort for den enkelte kommune og fylkeskommune. Partnerskapet arbeider no med å utvikle konkrete innovasjonsprosjekt med utgangspunkt i samfunnsutfordringane ungt utanforskap og den demografiske utviklinga.
Hareid kommune er ein av eigarane i Vekst i Hareid og Ragnhild deltek i styingsgruppa som observatør frå Hareid kommune. Det er viktig å ha Ragnhild tett på i dette prosjektet blant anna for å styrke samarbeidet mot næringslivet og jobbe tettare saman i prosjekt som omhandlar auka bulyst i Hareid. Næringsutvikling og bulyst går ofte hand i hand.
Commentaires