I denne serien vil vi presentere personane bak Vekst i Hareid. I tillegg til dei 5 styremedlemmane har vi 5 observatørar som bidreg med ulik kompetanse inn i styringsgruppa. Les meir om Idar Flø, leiar i Hareid Næringsforum i denne artikkelen.
Idar har hatt ei sentral rolle i utvikling av Ship Equip AS som no heiter Inmarsat Maritime AS. Vidare er Idar gründer av Norwegian Centre of Maritime Communication AS, der han i dag er dagleg leiar. NCMC er blant anna prosjekteigar av forskingsprosjektet EMBLA – Effektive Miljøvennlege Bilferje Alternativ og prosjektdeltakar i SFI Harvest (Senter for Forskingsdrevet Innovasjon) leia av SINTEF Ocean AS.
Idar er leiar i Hareid Næringsforum og pådrivar for mykje utvikling i Hareid der næringslivet er ein part. Han jobbar med mange innovasjonsprosjekt som kan gi Hareid fleire spennande arbeidsplassar i framtida. Hareid Næringsforum er ein av eigarane i Vekst i Hareid og Idar sit i styringsgruppa som observatør. Hans kjennskap til næringslivet i Hareid og evne til å sjå nye moglegheiter er svært viktige bidrag inn i prosjektet.
Comments