top of page
Søk

Innspel til interkommunal kystsoneplan

Styret i Vekst i Hareid og styret i Hareid næringsforum har samla sendt inn innspel til den interkommunale kystsoneplanen på Søre Sunnmøre. Innspela er gitt med bakgrunn i næringsrelaterte prosjekt eller aktivitetar i områda rundt dei fire lokasjonane som er lagt ut på høyring. Det treng ikkje å bety at ein ikkje ønskjer å ha oppdrett i Hareid, men handlar meir om å gjere eit val på kva ein ønskjer å satse på i kva område slik at ein ikkje legg til rette for aktivitet som vil øydeleggje for kvarandre eller vere motstridande.


Raffelneset. Foto: Erlend Friestad / Hareid kommune

I det store bildet

Det er ingen tvil om at i eit totalbilde vil oppdrett av fisk vere viktig for å skaffe nok mat til ei veksande befolkning i framtida. Vi må hauste meir frå havet, men vi må gjere det på ein måte som ikkje forringar ressursane over tid. Oppdrettsindustrien i Noreg er gigantisk og oppdrett er ei viktig næring langs kysten som skaper store verdiar og gir mange arbeidsplassar. Samtidig veit vi at dette er ei næring med store miljøfotavtrykk. Oppdrettslaks som rømer frå anlegga og lakselus som spreier seg i fjordane er begge store trugslar mot villaksen. I tillegg til at Noreg er blant verdas leiande oppdrettsnasjonar, er norske elvar heimen for ein tredel av dei globale villaksbestandane. Vi har eit stort ansvar!


Kommuneøkonomi og lokale arbeidsplassar

Dei to hovudargumenta for å legge til rette for oppdrett i eiga kommune handlar ofte om kommuneøkonomi og antal arbeidsplassar. Kommunar med oppdrettsanlegg får årlege utbetalingar frå Havbruksfondet som kan kome ein pressa kommuneøkonomi til gode. Desse millionbeløpa, som dei ofte blir omtala, er ikkje nødvendigvis så store som mange vil ha det til. Det er antalet klarerte lokasjonar og produksjonsvolum som gir grunnlaget for utbetaling, og det er derfor gjerne dei kommunane med flest og størst lokasjonar som får mest igjen frå Havbruksfondet. Frå utbetalingslista for 2021 finn vi at Ulstein kommune fekk utbetalt kroner 424.000, Sande kroner 386.000, Herøy kroner 746.000, Vanylven kroner 1.983.000, Ørsta kroner 2.179.000 og Ålesund kroner 3.385.000. Som ein kan sjå, skal det vere mykje aktivitet og mange lokalitetar for å få millionutbetalingar frå dette fondet. Dersom Hareid kommune legg til rette for ein til to større lokalitetar kan ein estimere ei inntekt frå Havbruksfondet på rundt NOK 1.000.000. Til samanlikning vil ein oppnå den same inntektsauken til kommunen med berre fem nye yrkesaktive innbyggjarar med middels inntekt.


Vidare er det også lite truleg at ei satsing på oppdrett i sjø vil gi fleire arbeidsplassar registrert i Hareid. Oppdrettsselskapa er gjerne store nasjonale eller internasjonale selskap som ikkje vil registrere sine folk som jobbar på dei lokale anlegga i ei eiga bedrift med forretningsadresse Hareid. Ei eventuell framtidig etablering av oppdrett i sjø vil truleg i svært lita grad bidra positivt til lokal verdiskaping i Hareid kommune.


Bustad- og besøksattraktivitet

Argumenta mot å legge til rette for oppdrett i sjø i Hareid kommune er mange. Diskusjonen så langt har handla mykje om dei lokale fiskeplassane som blir utilgjengelege, miljøforureining, lysforureining og støyforureining på linje med vindkraftanlegg. Dette er faktorar som i stor grad kan påverke bulysta i Hareid. For kvifor busett vi oss eigentleg her i området? Handlar ikkje det i stor grad om tilgangen på mellom anna urøyvd natur, sjøen, fiskemoglegheitene og så vidare? Fritidsfiske har stor betydning både for rekreasjon og folkehelse. Alle dei utlagde områda for oppdrett i sjø er svært gode fiske, krabbe og hummarplassar.


All næringsaktivitet vil sjølvsagt ha eit fotavtrykk og vise igjen i omgivnadane rundt oss. Her handlar det nok om kor mykje vi er villege til å gi for noko som gir lite tilbake. Kva skal vere argumentet for å få dei fem nye innbyggjarane til å flytte til Hareid når vi ikkje lenger kan skryte av dei unike naturkvalitetane ettersom vi har forringa dei ved å legge til rette for oppdrett? Næringslivet si største utfordring i åra framover vil vere tilgangen på kompetent arbeidskraft. Dei flotte omgivnadane vi bur i med tilgang til naturen inkludert fritidsfiske og rekreasjon på sjøen er nokre av dei fantastiske fortrinna vi har for å få fleire til å busette seg her. Dette er kvalitetar som vi må ta vare på.


Lokasjonen som er lagt ut i Attavika ved Kvitneset er til dømes den einaste staden i kommunen ein kan sjå sola gå i havet. Dagleg dreg mykje folk hit for å sjå og ta bilete av solnedgangen. Ikkje berre lokale folk, men også folk frå elles i regionen eller turistar. Dette er ein kvalitet som er med på å løfte eit viktig historisk naturområde i kommunen. Denne opplevelsen eller desse bileta vil aldri bli dei same dersom ein får eit oppdrettsanlegg rett framfor sola. Kanskje ein bagatell for nokon, men har ein først lagt ut dette området til oppdrett gir ein også frå seg råderetten over det i all framtid.


Oppdrettslokaliteten Laupsvika på Alme er midt i eit område som potensielt kan bli ei stor turistsatsing på Hareid. Truleg den største vi nokon gong har sett i kommunen. Konseptet til utbyggjar handlar i stor grad om å gjere minst mogleg inngrep i naturen, ta vare på kvalitetane ved området og legge til rette for eit konsept der turisten og hytteeigarane kan røme frå den hektiske kvardagen og finne ro. Noko av det unike med området er tilkomst med båt og fiskemoglegheiter. Dette er ein vesentleg del av konseptet. Det er godt kjent at miljø-, lyd- og lysforureining frå oppdrettsanlegg ikkje er foreineleg med å utvikle eit opplevelseskonsept i turistsamanheng. Hareid kommune, Vekst i Hareid, lokale næringsaktørar og utbyggjar sjølv har brukt mykje ressursar i å utvikle konseptet og finne løysingar for å få dette prosjektet realisert. Vi kan ikkje øydelegge dette ved å legge til rette for ein aktivitet som vil hindre prosjektet i å lukkast.


Næringsattraktivitet

Ved Raffelneset har Skjerneset Fisk AS inngått avtale med Hareid kommune om kjøp av grunn til å etablere påvekstanlegg for berggylt. Investering i eit anlegg på Hareid vil ligge på rundt 100 million kroner og bidra til 10-12 arbeidsplassar registrert i Hareid. For at dette selskapet skal få konsesjon er det avgjerande at det er minimum 5 km til neste oppdrettsanlegg. Både lokasjonen ved Hjørungneset og i Uravika ligg for nær eit slikt anlegg. Her er vi igjen nøydde til å velje kva vi skal satse på. Vi får dessverre ikkje begge deler.


Vidare veit vi at lokasjonen i Uravika ligg svært nær anlegget til Franzefoss. Vekst i Hareid har som mål å ta vare på eksisterande bedriftene og legge til rette for nyetablering, i den rekkefylja. Vi kan ikkje legge til rette for ei etablering som kan hindre tilkomst med båt eller utfordre ei eventuell framtidig utviding av dette anlegget.


Oppankringsområdet i sjø ved Raffelneset er også ein del av den interkommunale kystsoneplanen. Oppankringsområdet må plasserast i eit område som ikkje er i konflikt med etablert næringsliv. Samtidig veit vi at prosessen er tidkrevjande når det kjem til ei eventuell flytting seinare. Derfor er det viktig at det ikkje blir plassert i eit område der det er potensiell næringsaktivitet på landsida. Aktørar som etablerer verksemd i dei attraktive sjønære areala vi har tilgang til på Hareid, bør også ha tilgong til sjøen utanfor sitt areal slik at ein muleggjer utvikling av kai og tilflot med båt. Enkeltaktørar bør derfor ikkje kunne legge beslag på kystlinja der det er andre bedrifter eller potensiale for at andre kan etablere seg.


Konklusjon

Med bakgrunn i fleire av dei prosjekta som Vekst i Hareid arbeider med, ser vi det som nødvendig å kome med relevante innspel til denne planen, slik at det ikkje blir lagt opp til aktivitet som vil hemme dette arbeidet. Vi står her overfor eit viktig val. Her kan vi ikkje ta ein Ole Brum og seie «Ja takk begge deler», då det eine vil øydelegge for det andre. Vi må velje kva vi ska satse på. For oss er valet enkelt og einstemmig. Vi ønskjer ikkje at det blir lagt til rette for oppdrett i Hareid kommune i konkurranse med annan aktivitet som kan gi fleire arbeidsplassar, auka skatteinntekter og meir aktivitet i lokalt næringsliv. Vi ønskjer å satse på etablerte bedrifter og allereie oppstarta prosjekt. Ut i frå dei lokalitetane som er lagt ut på høyring er vår klare vurdering og anbefaling at ulempene vil vere betydeleg større enn potensielle fordeler med etablering av alle oppdrettslokasjonane, og vi vil derfor henstille til at ingen oppdrettslokasjonar blir godkjent som del av kystsoneplanen. Vi stolar på at politisk leiing viser at dei verdset dei unike kvalitetane ved området vårt og etablert næringsliv nok til å gjere eit like klokt val.

0 kommentarer
bottom of page