Innovativ skuleveke
- christineerdal0
- 12. feb.
- 2 min lesing
Gjennom den siste veka har 10.-klassingane ved Hareid ungdomsskule fått bryne seg på fem ulike problemstillingar i årets Innovasjonscamp. Franzefoss, Dimo/ NCMC, Aquaship/Intership og Hareid kommune har stilt med reelle problemstillingar som dei ville ha hjelp frå 10.-klassingane til å finne innovative løysingar på.
Det heile starta torsdag førre veke, då bedriftene og kommunen presenterte problemstillingane sine på ein kick off. Elevane fekk vere med på bedriftsbesøk, og fekk meir informasjon om korleis dei kunne løyse oppgåva si, før dei resten av veka har jobba i grupper med å finne ei nyskapande og berekraftig løysing. Elevane har slik fått betre kjennskap til arbeidslivet og moglegheitene i kommunen, og samstundes fått trening i å tenke innovativt.

I dag var det premierefest, der elevane presenterte løysingane sine for ein jury, representantane frå arbeidslivet, og frammøtte føresette.
Etter nøye vurdering kunne juryen kåre dei tre beste bidraga, som alle tre får tur og lunsj ved NTNU Ålesund og OSC - Offshore Simulator Centre, sponsa av Sparebanken Møre, Franzafoss, Dimo og Intership. Fyrsteplassen får også eit gåvekort, sponsa av bedriftene som var med på innovasjonscampen.
3.-plassen gjekk til Elias, Klara, Isabella, Hannah og Jørund. Dei fekk i oppdrdag frå Hareid kommune å finne ei løysing på at fleire eldre føler seg einsame. Her ville dei starte ein drivhuscafé, der eldre og yngre kan møtast. Her skulle dei ha moglegheit til å stelle med planter og dyr, og kanskje skulle der også vere ein automat for kamferdrops?

2.-plassen gjekk til Ragnhild, Valentino, Isak, Elias og Jakub, som ville utvikle ei løysing for ei heilautonom ferje som går på batteri. Løysinga deira var ikkje berre innovativ, men også realistisk og gjennomførbar i praksis. Dei hadde også laga ein imponerande prototype for å illustrere korleis løysinga ville fungere.

Vinnargruppa hadde fått i oppdrag av Hareid kommune å finne ei løysing for å få fleire ungdommar til å bruke Stikk UT!-appen. Dei skulle både finne ut korleis dei skulle promotere tilbodet til ungdom, og korleis dei kunne vidareutvikle Stikk UT! slik at det vart meir attraktivt for målgruppa. Gruppa hadde laga eit fengande slagord, og kom med fleire kreative forslag til korleis ungdom kunne verte meir motiverte til å bruke appen.

Ei stor takk til bedriftene og kommunen som stilte med problemstillingar, til lærarane ved Hareid ungdomsskule, til Ungt Entreprenørskap, og deltakarane i juryen.


Comments