

tor. 19. mars
|Millennium Cowork
U37 Søre Sunnmøre: Synlegheit på Linkedin
Kvifor skal du vere ein ambassadør for arbeidsplassen din på LinkedIn? Og kva funkar eigentleg på LinkedIn i 2026?
Tid og stad
19. mars 2026, 08:00 – 10:00
Millennium Cowork, Strandgata 89, 6060 Hareid, Norge
Om arrangementet
Bli med på frukostmøte med U37 Søre Sunnmøre!
Korleis kan tilsette medverke til å auke synlegheita til arbeidsplassen sin på LinkedIn, utan at det følest påtatt eller kunstig? Og kvifor er det smart for deg som arbeidstakar? Det skal vi sjå nærmare på.
I tillegg skal vi snakke om kva som faktisk fungerer på LinkedIn i 2026. Sara Strand og Sara Jaobsen frå "Takk for sist" vil dele konkrete tips og enkle grep som gjer det lettare å kome i gong, anten du er ny på plattforma eller allereie publiserer jamnleg.
Meld deg på via lenka om du vil bli med! Det blir sjølvsagt også god tid til mingling med dei andre deltakarane.