

ons. 06. des.
|Ishavsmusset Aarvak
Risneset 2050 - Eit attraktivt og framtidsretta industriområde
Spenncon, Pelagia, Brekke og Kleppe, Sintef, Greenstat, Åkp og Vekst i Hareid etablerte tidlegare i år eit samarbeid for å sjå på korleis nytte tilgjengelege ressursar på Risneset på best mogleg måte. No ønskjer konsortiet å presentere resultata frå prosjektet og ønskjer velkomen til ope møte.
Tid og stad
06. des. 2023, 12:45 – 15:00
Ishavsmusset Aarvak, Brandalsvegen 28, 6062 Brandal, Norge
Om arrangementet
‘Forprosjekt – Ressursoptimalisering for Risneset industriområde’ med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune går mot slutten. Det har vore ein lærerik og inspirerande prosess som har gitt nokre nye vinklingar på kva vi kan få til på industriområdet ved å samhandle, vere nysgjerrige og modige. Dette ønskjer vi å dele med alle som er interessert.
I møtet vil vi:
Fortelje om prosjektet og kva vi har gjort og lært
Legge fram funn og resultat i prosjektet
Dialog om vegen vidare
Velkomen!
NB! Fint om dei som vil kome melder seg på.